Årets nysgjerrigper 2014

Årets nysgjerrigper 2014

Onsdag 3. juni var det tid for den store nasjonale finalen i årets Nysgjerrigper, konkurransen der ungar i barnetrinnet får drive forskning og finne ut kor gildt og spennande det er!

I år var Vitengarden arena for utdelinga, og 250 barn var på plass for å presentera sine forskningsoppgåver og få med seg utnemninga av årets vinnar. I tillegg til Rogaland, kom det besøk frå skular i Tokke i Telemark og frå Oslo.

Alle klassane presenterte sine forskingsoppgåver framfor dei andre elevane. I tillegg var dei rundt på postar på Vitengarden, der dei blant anna fekk testa bruspulvar, laga sine eigne plogar og køyra tur med hesten vår, Hulda. Under sjølve utdelinga, hadde formidlarane på Vitengarden fleire eksperiment frå scenen – med både høg lyd og mykje røyk. Kva skjer når du heldar varmt vatn ned i flytande nitrogen som held -196 grader?

Kven vant?

11 elevar frå 7. trinn frå Hallagerbakken skule i Oslo vart årets Nysgjerriper. Dei hadde forska på: «Hva avgjør hvor mye noe lukter?». Veldig gildt at dei hadde teke turen til Nærbø for å få premien tildelt av Bjørn Hallvard Samset, juryleder i Årets Nysgjerrigper og forsker ved CICERO, Senter for klimaforskning. Ordførar i Hå, Mons Skrettingland, var òg til stades under premieutdelinga og var særs imponert over oppgåvene som var leverte inn.

IMG 3674

På biletet er vinnarane av Nysgjerrigper 2014 samla utanfor Vitengarden. Foto: Anne Jorunn Frøyen, Vitengarden

Les meir om vinnarane og last ned oppgåvene her.