Vinterferie: Jæren blir til

22. februar - 1. mars
Vaksen 145 kr / barn 75 kr / maxibillett 390 kr

Utforsk teknologien som har vore med å forma jærlandskapet.

Naturen og menneske har saman forma jærlandskapet. I vinterferien kan du mellom anna bli meir kjent med noko av teknologien mennesket har brukt når dei har arbeida med rydding av jærlandskapet.

Bli med på:

  • Familieverkstad om hydraulikk (50 kr pr familie, kjøp billett i resepsjonen)
  • Demonstrasjon av steinbukk
  • Småaktivitetar i utstillinga

Den eldste delen av utstillinga på Vitengarden har nettopp hatt nyopning – du vil kjenne igjen fleire av dei populære utstillingselementa våre, nokre i ny drakt – og noko heilt nytt. Kom og opplev “Jæren blir til”!

Dei andre delane av utstillingane på Vitengarden er sjølvsagt opne. Test siloheisen, prøv deg som veterinær, konkurrer mot roboten eller lag biogass i utstillinga «Mykje lort og mykje varme». Dyra på garden vil gjerne ha besøk, og kanskje du vil hoppa i høyet?

I kafeen kan du kjøpa deilige jærske skjeva, suppe, lappar, kake og mykje meir.

Opningstid:

Måndag til fredag – 10:00-15:00, laurdag – STENGT, sundag – 12:00-17:00