Sommaraktivitet: Vikingsnor

1. august - 5. august
Vitengarden

På Vitengarden er det store områder å utforska, både inne og ute. Her kan du bruka timevis med store og små barn, besøka dyra på garden, hoppa i høyet, kjenna på orkan i «Blåsten», programmera «Vassdansen», besøke skattane i den mørke myra eller kjempa mot roboten i ostepakking.

Denne veka kan du i tillegg til alle dei interaktive utstillingane, laga ei vikingsnor. Snora flettast av fire ulltrådar i valfri farge.

Aktiviteten er kl 12-15.

Alle aktivitetane er gratis når inngangsbillett er betalt.

Kafèen serverer heimebakte rundstykker, suppe, lapper og kake. Det er sal av is, kaffe, brus og juice. Vitengarden er og tilrettelagt med grillar som fritt kan nyttast på uteområdet.