Sommaraktivitet: Syn

20. juli - 24. juli
Vitengarden, Kviavegen 99, 4365 Nærbø
Vaksne 145,- / barn 75,- / familie 390,- / har du årskortet til Jærmuseet, kan du nytta det denne dagen

Sommar på Vitengarden byr på spennande aktivitetar.

Denne veka kan du, i tillegg til alle dei interaktive utstillingane, utforska synet og oppleva optiske illusjonar.

Aktiviteten er ope mellom kl 12-15 og gratis når ein har kjøpt inngangsbillett til Vitengarden. Vitengarden har ope kl 10-16.

På Vitengarden er det òg store områder å utforska, både inne og ute. Her kan du mellom anna bruka timevis med store og små barn, besøka dyra på garden, hoppa i høyet, kjenna på orkan i “Blåsten”, programmera “Vassdansen”, besøke skattane i den mørke myra eller gå catwalk i PELS, og mykje meir!

Kafèen serverer heimebakte rundstykker, suppe, lapper og kake. Det er sal av is, kaffe, brus og juice. Vitengarden er og tilrettelagt med grillar som fritt kan nyttast på uteområdet.

Velkommen til gards!