Sommar på Vitengarden byr på spennande aktivitetar nesten kvar veke!
Denne veka kan du i tillegg til alle dei interaktive utstillingane bli med og utforska korleis ein kan få væsker til å legga seg i lag over kvarande med regnbogekjemi.
Aktiviteten er ope mellom kl 12-15 og gratis når ein har kjøpt inngangsbillett til Vitengarden.
På Vitengarden er det òg store områder å utforska, både inne og ute. Her kan du mellom anna bruka timevis med store og små barn, besøka dyra på garden, hoppa i høyet, kjenna på orkan i “Blåsten”, programmera “Vassdansen”, besøke skattane i den mørke myra eller gå catwalk i PELS, og mykje meir!
Kafèen serverer heimebakte rundstykker, suppe, lapper og kake. Det er sal av is, kaffe, brus og juice. Vitengarden er og tilrettelagt med grillar som fritt kan nyttast på uteområdet.
Velkommen til gards!