Aktivitetsdag: Programmering

2. november 12-17
Vaksen 145 kr / barn 75 kr / maxibillett 390 kr

Er du interessert i programmering, eller kunne tenkt deg å læra litt meir om kva det er? Då er denne aktivitetsdagen for deg og din familie.

Kva kan du få vera med på denne dagen?

Lydlab – lag musikk med soundtrap.

Micro:bit-orkester – programmer ein micro:bit til å kontrollere eit av instrumenta i micro:bit-orkesteret.

Bit:bot – her kan de kjøre bit:boten i ei løype med ferdigprogrammert micro:bit, eller laga koden sjølv.

Trafikklys – du får lage ein kode til micro:bit for å få trafikklyset til å lyse i rett rekkefølge.

Bee:bot – programmering for barn frå 4 år og oppover, der de skal få ei bie til å bevega seg i eit gitt mønster og få ei forståing for kva programmering er.

I tillegg til alt dette er utstillingane opne, dyra på garden er klar for eit besøk og kafeen sel mat, drikke, kaker og is.