Aktivitetsdag: Jul på Vitengarden

22. november 12-17
Vitengarden
Vaksen 145 kr / barn 75 kr / maxibillett 390 kr

Denne søndagen skal me hjelpa deg å koma i julestemning!

I løpet av dagen kan du vera med på fleire kjekke juleaktivitetar:

  • Laga halmstjerner og lenker av halm

  • Laga appelsin med nellik og få servert gløgg i Gamlahuset

  • Laga valnøttmus

  • Laga julekorger og lenker av glanspapir

  • Steika dine eigne krumkaker

  • Toving

Aktivitetane går føre seg frå kl. 12.30–16.00.

(Med forbehold om endringar).

Det blir sal av graut i kafeen, og i museumsbutikken finn du fine julegåver til både store og små.

Utstillingane er opne som vanleg. Her kan du mellom anna testa siloheisen, laga biogass i utstillinga «Mykje lort og mykje varme», prøva deg som veterinær eller utfordra ostepakkeroboten. Besøk òg pelsdyrutstillinga, kjenn på pels frå ulike dyr og prøv korleis det er å ha på seg ei ekte pelsdyrkåpe.

På garden kan du koma tett på sauer, høner, gjæser, grisar og kyr. I løa kan du hoppa i høyet. 

Velkommen til ein førjulsdag på Vitengarden!