Ta i mot gjestene våre med eit smil!
Ein litt uvanleg butikkjobb
Som butikkansvarleg og den som tar imot gjestene på Vitengarden får du ein variert kvardag med både butikkdrift og møte med publikum.
Du har ansvar for museumsbutikken – frå vareutval og nye leverandørar til utstillingar, kampanjar og justeringar ut frå marknad og trendar.
I møte med gjestene sel du billettar og årskort, ønskjer familiar, grupper og elevar velkomne og gir dei eit godt førsteinntrykk av Vitengarden. Du bidreg òg der det trengst i kvardagen, til dømes med borddekking til arrangement, planlegging og vertskap på aktivitetsdagar, eller ved årleg vedlikehaldsveke. Når kyrne skal skifta beite, treng me òg ei hjelpande hand.
Du trivst med digitale verktøy som kassesystem, booking og e-post.
Du får òg høve til å læra opp ungdommar som er – eller skal bli – vertar hos oss, i butikk, billettsal og god vertskapsrolle. Du blir ein del av eit gildt team på Vitengarden, med mykje ulik og unik kompetanse.
Dette får du jobba med:
- Driva og utvikla museumsbutikken på Vitengarden – frå vareutval og utstilling til fakturagodkjenning
- Profilera butikkvarene i sosiale medium og bidra til synleg og freistande butikkinnhald
- Halda oversikt over omsetning, følgja med på sal og gjera smarte justeringar undervegs
- Vera superbrukar på kassesystemet
- Selja billettar og årskort og registrera besøkande
- Gi gjestene god informasjon om tilbodet på Vitengarden og vera eit imøtekomande og trygt vertskap
- Vera første kontaktpunkt for gjester og andre på telefon og e-post
- Læra opp vertar i butikk, billettsal og god vertskapsrolle
- Oppdatera og laga skriftlege intruksjonar for ulike system
- Oppdatera infoskjermar, plakatar og skilt
- Enkel redigering av nettsida
- Publisera aktivitetar i sosiale medium med støtte frå kommunikasjonsmedarbeidar i Jærmuseet
- Gjennomføra HMS-rundar i utstillingane, inkludert å slå dei av og på
- Bidra der avdelinga treng ein ekstra hjelpar ved arrangement, aktivitetsdagar og praktiske oppgåver i kvardagen
- Orientera gjestene om tilbod på andre anlegg i Jærmuseet
- Stilla opp eller bidra med kunnskap der det trengst i organisasjonen