Har du og nokre venner frå skulen eller kodeklubben lyst til å delta?
Super:bit-kampen er ein kodekonkurranse for skular og kodeklubbar frå heile Norge der ein programmerer med micro:bit. I 2025 deltok over 200 lag frå heile landet. Eit lag kan bestå av to eller tre barn i alderen 10-13 år (5. – 7. trinn).
Regional delfinale
Når eit lag melder seg på, skal dei gjennomføra ein delfinale på eit av dei regionale vitensentera i Norge. Delfinalane vert gjennomført i løpet av februar. På Vitengarden er delfinalen 13. februar kl. 10.00 – 15.00.
Påmeldingsfrist er 21. januar.
Les meir om årets oppdrag:
