Vinterferie på Vitengarden

27. februar 2023 - 3. mars 2023
Vaksen 145 kr / barn 75 kr / maxibillett 390 kr

Kom til Vitengarden i vinterferien og bli med på ulike aktivitetar om energi og energiovergangar.

  • Ispinnereaksjonseksplosjon – Her kan de leggja ispinnane i eit spesielt mønster, og når de slepp…… kom og prøv!!
  • Rube Goldbergmaskin – Me har funne fram noko rart og noko heilt vanleg frå skuffer, skap og kott, som de kan laga kjedereaksjon med.
  • Familieverkstaden «Kul energi» – Her får de sette fart i klinkekula, sende ho gjennom bølger og dalar og looper. Kula gjer tilslutt fart i ein bil som ventar i enden. Har bilens form og vekt ei betydning for kor langt bilen trillar? Familieverkstad er gratis, men de må henta plassbillett i resepsjonen.
  • I tillegg til alt med allereie har i utstillinga knytta til energi, har me funne fram nokre fine elementer som viser energi og energiovergangar godt.

På Vitengarden er det store områder å utforska, både inne og ute. Du kan bruka timevis med store og små barn, teste siloheisen, sjå på traktorar, laga biogass i utstillinga «Mykje lort og mykje varme», prøva deg som veterinær og svinga deg i svinghjulet. På garden kan du du treffe og komma tett på hester, gjess, høner, sauer, griser og kyr. På løa kan du hoppa i høyet.

I kafeen kan du kjøpa deilige jærske skjeva, suppe, lappar, kake og mykje meir.

 

Du kan bestille inngangsbillett til Vitengarden på førehand. Det gjer du her.