Denne søndagen skal me hjelpa deg å koma i julestemning!
I løpet av dagen kan du vera med på fleire kjekke juleaktivitetar:
-
Laga halmstjerner og lenker av halm
-
Laga appelsin med nellik og få servert gløgg i Gamlahuset
-
Laga valnøttmus
-
Laga julekorger og lenker av glanspapir
-
Steika dine eigne krumkaker
-
Toving
Aktivitetane går føre seg frå kl. 12.30–16.00.
(Med forbehold om endringar).
Det blir sal av graut i kafeen, og i museumsbutikken finn du fine julegåver til både store og små.
Utstillingane er opne som vanleg. Her kan du mellom anna testa siloheisen, laga biogass i utstillinga «Mykje lort og mykje varme», prøva deg som veterinær eller utfordra ostepakkeroboten. Besøk òg pelsdyrutstillinga, kjenn på pels frå ulike dyr og prøv korleis det er å ha på seg ei ekte pelsdyrkåpe.
På garden kan du koma tett på sauer, høner, gjæser, grisar og kyr. I løa kan du hoppa i høyet.
Velkommen til ein førjulsdag på Vitengarden!