Utstillingsopning Traktorliv

7. juni 2015 12.00 - 17.00
Vitengarden - Nærbø

Utstillingsopning Traktorliv

7. juni opnar ei ny fast utstilling på Vitengarden med tittelen Traktorliv. Museet har henta fram traktorar frå samlinga: alt frå dei fint restaurerte, til dei som er prega av eit liv i flittig bruk. Gjestane skal ikkje berre få sjå traktorane – dei skal og få høyra dei, og bli utfordra til å syna kor mykje kunnskap dei har som ulike traktormodellar.

Me ynskjer å formidla dei som estetiske objekt, som utgangspunkt for å visa teknologisk utvikling i første del av 1900-talet, og ikkje minst, som berarar av ei historie. Traktoren representerer ein  universell ide, som ei kraft i utviklinga av det moderne landbruket. Slik er dei meiningslada objekt. Dei er symbol på den moderne bonden, og dei strukturelle endringane i næringa etter andre verdskrigen. Traktorane kan gjera oss i stand til å forstå landbruks-  og næringspolitikk, framveksten av familielandbruket, og menneskelige kjensler – frå stolthet og varme, til sorg som følgje av ulykker, eller over ikkje lenger å få arbeida saman med hesten.

Utstillinga Traktorliv består av i underkant av 30 traktorar – som er produsert frå 1917 til 1957. Traktorane er merka etter lang tids arbeid på gardane, nokre av dei fekk etter kvart eit strøk maling, motordelar blei skifta ut, andre blei gøymde vekk i busker og kratt. Nokre av traktorane var i bruk til innpå 1980-talet, slik rpresenterer dei ein lang tidsperiode. Livet deira stoppa heller ikkje opp då dei kom på museum. Dei blei endra gjennom restaureringsprosjekt, eller forholda dei blei lagra under. Slik kan også traktorane vera eit utgangspunkt for å diskutera restaureringsprosessar, og korleis musea best tek vare på gamle gjenstandar

 

Opningsdagen 7. juni

Utstillings skal stå på Vitengarden i tre år – og sjølve opningsdagen er sundag 7. juni. I tillegg til traktorane i Traktorliv, vil det denne dagen vera traktorar i alle slags modellar, fargar og fasongar på heile Vitengarden sitt uteområde. Både Gammeltraktorens Venner og Jæren Gråtasslaug stiller opp med nærare 50 traktorar totalt, gode traktorforhandlarar på Jæren kjem med «siste mote» innan traktorar, det vil vera traktorpullarar og traktorrånarar. Det er òg laga til ei traktorløype for dei minste – der dei som vil kan prøva seg på traktorlappen.

Opningsseansen startar kl. 13 og vil vera på uteområdet, på grusen bak Vitengarden. Stortingspolitikar Geir Pollestad vil opna – og det vil vera god steming med eit par musikalske innslag.

Vitengarden er open kl. 12-17 sundag 7. juni. Kafè vil vera open med sal av lapskaus, påsmurt, kaffe, kake, is og drikke.

Velkommen til TRAKTORLIV!

Foto: Ingeborg Skrudland