Familiedag på Vitengarden

Det interaktive vitensenteret, garden og området rundt innbyr til mange spanande aktivitetar for alle aldre.

Inviter til ein familiedag der både små og store får opplevingar saman. På Vitengarden finn barna glede i høyet, spennande skattjakt gjennom den mørke myrtunnelen og utfordringar i orkanvinden. Vaksne kan testa eigne krefter, konkurrera vennskapleg med kollegaer eller samarbeida om å byggja Jærhuset.

Familiedagen er ein flott arena for å samla tilsette, familiar og medlemmar til ei sosial og minnerik oppleving. Aktivitetane passar for fleire generasjonar, og utstillingane kan utforskast på eiga hand eller som del av eit aktivitetsprogram tilpassa dykkar behov.

Familiedagar kan arrangerast både i og utanfor ordinær opningstid. Våre kokkar lagar smakfulle tradisjonsrettar baserte på lokale råvarer, eller de kan nytta dei utandørs grillane våre.

Grillkol og tennvæske kan kjøpast hos oss.

Me hjelper gjerne til med å skreddarsy dagen ut frå antal deltakarar, alder på barna og ønskje for aktivitetar og servering.

Ønskjer de eit tilbod eller meir informasjon? Fyll ut skjemaet, så tek me kontakt.

Er du en privatperson eller henvender du deg på vegne av en bedrift, lag eller organisasjon?
Persondata