Kvar veks poteta? Kvar kjem poteta frå? Og kva kan ho brukast til?
Kort om opplegget:
Det er haust, og potetene (eller epla / jordepla, som me gjerne seier på Jæren) må opp av jorda.
Me tek opp epla, vaskar og kuttar dei, før me steikjer dei og et saman.
- Her gjeld fyrste mann til mølla, så ver snar og finn ein dag det passar og reserver.
Kva kan me læra:
- Får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid
- Får oppleva og utforska naturen og mangfaldet i naturen
- Får oppleva, utforska og eksperimentera med naturfenomen og fysiske lover
- Får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen
- Undersøkjer og kjenner igjen eigenskapar ved former og sorterer dei på forskjellige måtar
Barnehagar
Alder: 3-6
Tidsrom: Veke 37-39
Tid: 45-60min