«Min fysste kamerat det va et lide låm eg huska eg sto der å såg på då det kom… Ud… ud, ud….»
(Tønes, «Bonde»)
Sauene har lemma på Vitengarden – kom og hels på dei!
Me startar i filmrommet på museet, der me ser korte filmsnuttar om paring, lysing og lamming. Undervegs samtaler me om det me ser, og lærer mellom anna kva eit kopplam er. Til slutt går me ned på garden og helsar på dei nyfødde lamma, søya og kopplamma.
Kort om opplegget
- Hels på dei nyfødde lamma og søya.
- Lær kva eit kopplam er.
- Finn ut kvifor bonden held sauer.
- Sjå korte filmsnuttar og samtal om det de har sett.
Kva kan me læra?
Barna får:
- oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen
- lære om dyr, dyrehald og matproduksjon
- få innsikt i kvar maten kjem frå
- utvikle forståing for berekraft og respekt for naturen
- bli kjende med lokalhistorie og tradisjonar
Barnehagar: 3–6 år
Varigheit: 1 time
Kan bestillast: Veke 14–18