Kosthald og ernæring – før i tida

Kort om opplegget (Me tilpassar etter ønskje):

  • Korleis har kosthaldet endra seg dei siste 50-100 åra? Korleis har omgrepet «sunt kosthald» endra seg? Kva er eit sunt kosthald?
  • Korleis levde folk før i tida? Kva med mellommenneskelege relasjonar? Var det skildnad på by og land? Kvifor var familien så viktig?
  • Elevane er med og lagar lokal tradisjonsmat og sjølvsagt får me smaka.

Døme

    • Separera mjølk
    • Kinna smør
    • Laga ost
    • Baka potetkaker

Me sett saman eit program tilpassa ønskjer og tidsbruk.

 

Frå fagfornyinga:

Restaurant- og matfag vg1:

Kosthald og livsstil:

  • Lage tradisjonsmat frå ulike område i Noreg og mat frå ulike kulturar, og drøfte kva måltidet har å seie som kulturberar

Helse- og omsorgsfag vg1:

Kommunikasjon og samhandling:

  • kommunisere og samhandle med menneske frå ulike kulturar, i ulike aldrar og livssituasjonar

Varigheit:

1,5 – 4 timar (avhenger av elevtal og valt program)

Kan bestillast:

Heile året

Pris:

30 kr pr elev og 300 kr pr time formidling

Send førespurnad