Småkryp og insekt

Det lever mykje spennande rundt oss i naturen som ikkje alltid er så lett å få auge på. Men set me oss på huk og leitar litt, er det utruleg kor mange små skapningar me kan finna!

Kort om opplegget

Me går ned til skogen og leitar etter småkryp og insekt i jorda, under steinar, mellom lauv og i gamle tre.

Med enkelt feltutstyr undersøker me det me finn på nært hald. Kva slags småkryp lever her, korleis ser dei ut, og kvar trivst dei best?

Kva kan me læra?

  • Få oppleva og utforska naturen og mangfaldet i naturen
  • Få innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid
  • Få kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, læra av naturen og utvikla respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen
  • Få kunnskap om dyr og dyreliv

Alder: 3–6 år
Varigheit: 1–2 timar
Kan bestillast: Veke 18–40

Send førespurnad