Sommaraktivitet: Ertebygg

14. juli - 18. juli
Vitengarden
Vaksen 145 kr / barn 75 kr / maxibillett 390 kr

På Vitengarden er det store områder å utforska, både inne og ute. Her kan du bruka timevis med store og små barn, besøka dyra på garden, hoppa i høyet, kjenna på orkan i «Blåsten», programmera «Vassdansen», finne skattane i den mørke myra eller gå på catwalk i PELS.

Denne veka vil kan du i tillegg til alle dei interaktive utstillingane bli med og bygga med erter og tannpirkarar. Kan du klara å laga ei kube, eller eit høgt tårn? Kva kjenneteikner ein stabil konstruksjon? Aktiviteten er kl 12-15.

Alle aktivitetane er gratis når inngangsbillett er betalt.

Kafèen serverer heimebakte rundstykker, suppe, lapper og kake. Det er sal av is, kaffe, brus og juice. Vitengarden er og tilrettelagt med grillar som fritt kan nyttast på uteområdet.