Fornybar energi: Straum med vind og vatn!

Vass- og vindturbinar

Kva er straum, og korleis kan vind og vatn brukast til å laga han?

Kort om opplegget

Me samtaler om kva straum er, og kvar han kjem frå.

Barna set saman modellar av vindturbinar og undersøker om dei klarar å produsera straum. Kan me få lyset til å lysa, motoren til å sviva og høgtalaren til å laga lyd ved hjelp av vind?

Me prøver òg å få ein vassturbin til å produsera straum. I Noreg kjem mesteparten av straumen frå vasskraft. Men kva er eigentleg vasskraft, og korleis verkar ho?

Kva kan me læra?

  • Oppleva, utforska og eksperimentera med naturfenomen og fysiske lover
  • Få kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, læra av naturen og utvikla respekt og forståing for korleis me kan ta vare på han
  • Utforska kva moglegheiter reiskapar og teknologi kan by på
  • Utforska ulike landskap, bli kjende med institusjonar og stader i nærmiljøet og læra å orientera seg og ferdast trygt
  • Bli kjende med lokalhistorie og lokale tradisjonar

 

Alder: 4–6 år
Tid: 45-60min
Tidsrom: Heile året

Send førespurnad