4H matskule i haustferien

4H Matskule har sidan starten vokse i både omfang og omdøme. Det vert arrangert matskuler over heile landet, og du treng ikkje ei gong vera medlem i 4H for å delta.

Kva er 4H Matskule?

4H Matskule er eit ferie- og fritidstilbod til barn, mellom 8 og 12 år. Matskulen på Vitengarden går over 4 dager, frå 10. til 13. oktober. Ungane lærer å laga sunn mat basert på lokale råvarer. I tillegg er det fokus på mosjon og gilde aktivitetar. Påmelding innan 30. september – me oppmodar alle om å vera tidleg ute for her er det fyrste mann til mølla. For meir informasjon om matskulen og påmelding, trykk her. 

4H logo

Vil du veta meir om 4H Matskule på nasjonalt nivå kan du gå til 4H si heimeside.