Det var ei stor glede å ta imot kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og forsknings- og høgare utdanningsminister Eileen Fugelsnes på Vitenfabrikken i dag. Dei var på reise i regionen for å få innspel til ein ny nasjonal strategi for realfag og teknologi.
For å møte store samfunnsutfordringar innanfor klima, tryggleik, helse og teknologi treng Noreg fleire teknologar og ingeniørar, men i dag går utviklinga feil veg:
- færre elevar vel realfag
- interessa dalar
- næringslivet slit med å få tak i nødvendig kompetanse
Jærmuseet er eitt av 13 regionale vitensenter i landet. Vitensenteret i Jærmuseet består av Vitenfabrikken, Vitengarden og det omreisande vitensenteret Science Circus. Saman med skulane jobbar me kvar dag med å skape realfagsglede og nysgjerrigheit gjennom heile utdanningsløpet, frå barnehagebarn til og med studentar.

Under besøket deltok Kari Nessa Nordtun og Eileen Fugelsnes på undervisningsopplegget “Leik med straum” saman med SFO-elevar frå Trones skule. Deretter presenterte me pilotprosjektet til Science Circus “Matematikkglede” og talentsenteret i realfag, før me delte våre erfaringane våre med å være ein alternativ læringsarena.

Når me set nysgjerrigheit, leik og utforsking i sentrum legg me til rette for at barn og unge får prøve, feile og undre seg. Gjennom dei interaktive utstillingane våre, historieforteljing frå industrihistoria i regionen, praktiske undervisningsopplegg og reiser til verdsrommet i planetariet vekker me gnisten og interessa for realfag og teknologi. Regionen vår er bygd på sterk realfagskompetanse og det er eit økande behov for denne kompetansen i dei komande åra.
Me er stolte over å kunne dele erfaringane våre med å spreie realfagsglede til barn og unge.
