Rekordmange besøkte Jærmuseet i 2016

I 2016 var det totale besøket for Jærmuseet 209.154! Det er ein auke på 3% frå 2015 som òg var eit rekordår. Aldri før har så mange vore innom dørene til dei 13 besøksanlegga.

Den største auken hadde anlegga Tungenes fyr, Flyhistorisk Museum Sola og Vitenfabrikken. Det er først og fremst ferie- og fritidspublikummet som aukar, medan talet på skular og barnehagar held seg jamt med tidlegare år. Vel 25% av dei besøkande til Jærmuseet sine anlegg er barn og unge i organisert formidling.

Høgdepunkt

I løpet av eit år vert det i Jærmuseet arrangert over hundre temadagar. Me tilbyr nærare hundre ulike undervisningsopplegg med tema spredt frå elektronikk og astronomi til byggeskikk og mat frå fjæra. I tillegg er det kvar helg og i ferier mange publikumsaktivitetar og show.  Musea vert òg brukte av lag, organisasjonar og bedrifter til familiedagar, lagsveis og til kreative møte.

Av høgdepunkt i året er det verd å nemna følgjande:

  • Makerspace på Vitenfabrikken opna i mai 2016. Her er det mykje skaparglede med kreative verktøy. Det vert særleg lagt til rette for ungdommar som har gratis tilgang til utstyr og kurs kvar onsdag. Utstillingane om Partikkelfysikk og Kummelokk vart og godt mottekne.
  • På Vitengarden sin nye aktivitetsdag i 2016, «Kokkar i friluft», fekk publikum læra å laga mat på bål. Det vart så godt motteke at dette vert tema kvar dag i vinterferien 2017!
  • Tungenes fyr hadde fleire utselte konsertar i konseptet «Torsdag på Tungenes». Elles er det stadig fleire som oppdagar området, og kombinerer besøk i fyrtårnet med kafè og tur.
  • Flyhistorisk Museum Sola har gjennom året fleire aktivitetsdagar som trekk til seg tusenar av besøkande. Aktivitetsdagane er i samarbeid med venneforeningen, Sola flystasjon flyklubb og Norsk sportsvognklubb.
  • Den digitale Garborgløypa på Knudaheio, Garborgheimen og Time kyrkje har blitt godt motteken og opnar opp for museumsformidling sjølv når anlegga er stengte. I haust opna Garborgsenteret bunadsutstillinga «Habitt og profitt». .
  • Science Circus besøkte dei fleste kommunane i Rogaland, og var i vesterveg med undervisning både på Island og Færøyane
  • Utstillinga SPØD på Haugabakka vart til med eit godt samarbeid med bygdekvinnelaget og fleire andre i Klepp.

 

2017 – kva skjer då?

Nytt år er allereie godt i gang og det er ikkje få planar som skal realiserast. Fleire utstillingar er under bygging på dei ulike anlegga, noko av dette er litt hemmeleg endå. Først ut er likevel biogass-rommet på Vitengarden i februar. Her skal publikum få produsera sin eigen gass og køyra gass-traktoren. Seinare i vår opnar «Art Avatar med Pia Myrvold» samt  «Alle gode ting er tre – om møbelindustrien i Sandnes» i heilt nye lokaler på Vitenfabrikken.

 

Besøkstal per avdeling: 2016

Vitenfabrikken: 73.910 (+3952)

Vitengarden: 53.338 (-1852)

Tungenes fyr: 21.740 (+3607)

Science Circus 12.779 (-499)

Garborg-anlega: 15.700 (+1268)

Flyhistorisk museum Sola 16.201 (+2543)

Rogaland Krigshistoriske museum 1537 (-271)

Grødaland 3369 (-550)

Limagarden 3000 (+410)

Haugabakka 1123 (-322)

Vistnestuet 6457 (-136)

 

Kontaktpersonar:

Direktør Målfrid Snørteland, telefon 913 90 361

Marknadssjef Elin Ravndal Bell, telefon 908 03 864