Påmeldinga til super:bit-kampen er open frå 11. november til 17. januar 2025!
Super:bit-kampen er ein programmeringskonkurranse i regi av vitensentra, NRK Super og Lær Kidsa Koding.
Kvart lag må bestå av to-tre deltakere i alderen 10-13 år (5.-7. trinn), og ein vaksen kontaktperson – det kan vera ein lærar, ein foresatt eller ein frå kodeklubben de er ein del av. Kvar skule kan melde på fire lag, og kvar kodeklubb to lag.
Eit lag frå delfinalerunde på Vitengarden kjem vidare til Gullfinale !
Vitengarden tek imot 10 lag FREDAG 7. FEBRUAR 2025 kl. 09.00 – 14.00.
Viktige datoar:
- 11. november – 17. januar : Påmelding
- Fredag 7. februar: Regional delfinale på Vitengarden kl. 09.00 – 14.00
- 11. februar: Vinnarlaget frå kvar delfinale får tilsendt eit Gullfinaleoppdrag
- 28. mars: Frist for innsending av Gullfinaleoppdrag
- Veke 15: Juryen kårar vinnaren av super:bit-kampen 2025
Førebuing til delfinalen:
Lag ein fjernstyrt Bit:Bot:
Laget må på førehand programmera – og ta med – ein Bit:Bot som blir styrt med ein fjernkontroll (radiostyrt). Etter påmeldinga får kvart lag tilsendt kva radiogruppe de skal bruke. Eit av oppdraga på delfinalen er å køyre ei hinderløype med lagets radiostyrte Bit:Bot. De bør øve på å køyre Bit:Boten med fjernkontrollen før delfinalen.
Anna:
- Sende og motta tall eller tekst ved hjelp av RADIO
- Korleis køyre med Bit:Bot, døme: Kor lang tid brukar Bit:Boten på 100 cm og 180 grader? Kva gjer de viss Bit:Boten ikkje kjøyrer beint?)
- Køyre med linjesensorane på Bit:Bot
- Korleis bruke og laga variablar
- Korleis programmere ein eller fleire LED-diodar til å lyse?
- Korleis kople på og programmere ein servo (180 eller 360 grader) til Bit:Bot
Påmelding: www.superbit.no
Utstyret som brukast er det same som skulen din allereie har motteke når de har hatt besøk av Jærmuseet.
Kontaktperson Rogaland:
Monica Karlsen
mka@jaermuseet.no