Vi følgjer prinsippet “læra ved å gjera”, der elevane sjølve deltek aktivt. Tilboda er tilpassa barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og høgare utdanning – og følgjer læreplan/rammeplan for kvart trinn. Vitengarden tek imot grupper kvar dag, men ikkje måndagar før kl. 11.30.
Prisar:
- Grunnskule: Gratis. Elevane får også fribillett ut året. Enkelte opplegg har materialkostnadar.
- Barnehage: 750 kr for inntil 30 personar (ved fagleg opplegg).
- SFO: 30 kr per person + 300 kr for omvising/fagleg opplegg.
- Vidaregåande skule: 30 kr per person + 300 kr per undervisningstime.
Reise:
Kjem de med tog, er det om lag 1,5 km å gå frå Nærbø stasjon til Vitengarden. Turen er skilta, og går først gjennom sentrum, deretter langs ein fin sti ved bekken.
Informasjon:
Vitengarden er ein del av Jærmuseet. Me sender jamleg ut nyheitsbrev om våre formidlingstilbod. Vil du halda deg oppdatert? Meld deg på nyheitsbrevet her.
Bestille undervisningsopplegg? Fyll inn skjema og send inn.