Barneselskap

Kom til dekka bord og ta barneselskapet på Vitengarden!

Her får de heile anlegget for dykk sjølve, og kan utforska dei spennande utstillingane. Om de har lyst, kan de òg vera på garden – der ventar både dyr som vil helsa på, og høy som er perfekt å hoppa i. Ei oppleving for både små og store!

Tidspunkt:

Kvardag kl. 17-19
Laurdag kl. 11-13

Velg mellom to menyar:

Meny 1
Kr. 289,-
Pølse i brød, brus og sjokoladekake

Meny 2
Kr. 299,-
Heimelaga pizza, brus og sjokoladekake

Pris per person inkluderer både mat og inngang – og ei lita overrasking til bursdagsbarnet!

Allergiar?
Ved allergi treng me beskjed seinast tre dagar før selskapet. Hugs å oppgje namnet på barnet det gjeld, slik at vi kan tilretteleggja best mogleg.

Gåveposer

Ønsker du gåveposer til barna med gilde småting frå museumsbutikken vår?

Velg fire ting for kr. 50,- eller fem ting for kr. 60,-

Verdt å merka seg

  • Fleire barn kan ha selskap saman
  • Minimum betaling for åtte barn
  • Éin vaksen per ti barn må vera til stades under arrangementet
  • Maks 30 barn per selskap
  • Ta med eiga kake? Ingen problem! Det kjem då eit tillegg på kr 15,- per kuvert

Invitasjon

Last ned invitasjon her som kan printas og delas ut til dei inviterte gjestene.

Bestilling?

Fyll inn skjemaet nedanfor – så tek vi kontakt snarast!

Vi gler oss til å planleggja ei minnerik feiring saman med dykk!

Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

VED Å SENDA INN DIN INFORMASJON GJEV DU OSS LOV TIL Å SENDA DEG E-POST. DU KAN MELDA DEG AV NÅR SOM HELST.

  • Jenter som hopper i en fontene.