Sommaraktivitet: Nålefilting

27. juli - 31. juli
Kviavegen 99
Vaksne 40,- / barn gratis / familie 390,- / har du årskortet til Jærmuseet, kan du nytta det denne dagen

Sommar på Vitengarden byr på spennande aktivitetar nesten kvar veke!

Denne veka kan du i tillegg til alle dei interaktive utstillingane, nålefilte ull. Vil du laga ein sau eller ein blom?

Aktiviteten er ope mellom kl 12-15 og gratis når ein har kjøpt inngangsbillett til Vitengarden. 

På Vitengarden er det òg store områder å utforska, både inne og ute. Her kan du mellom anna bruka timevis med store og små barn, besøka dyra på garden, hoppa i høyet, kjenna på orkan i “Blåsten”, programmera “Vassdansen”, besøke skattane i den mørke myra eller gå catwalk i PELS, og mykje meir!

Kafèen serverer heimebakte rundstykker, suppe, lapper og kake. Det er sal av is, kaffe, brus og juice. Vitengarden er og tilrettelagt med grillar som fritt kan nyttast på uteområdet.

Velkommen til gards!