Tråd på pinnen

7. november 10.00 - 15.00
Vitengarden, Kviavegen 99, 4365 Nærbø
550,-

Vitengarden inviterer til ein dag fylt med inspirasjon, interessante presentasjonar, strikking, drøs og god mat, laurdag 7. november 2026.

Program for dagen (tidene er ca og vil bli justerte etter behov):

Kl. 10.00 Velkommen, presentasjon av dagens program 

Kl. 10.10 Presentasjon av popup-butikkane. 

Magiske masker frå Stavanger og Unikt garn frå Klepp, Ulliverset 

Kl. 10.45 Pause, god tid til drøs, strikking, shopping m.m 

Kl. 11.45 Foredrag Hilde Omdahls design. 

Kl. 12.15 Lunsj. Kjempegod suppe med heimelaga brød til. 

God tid til drøs, strikking, shopping m.m 

Kl. 13.15 Foredrag Nina Granlund Sæther, «Varm og elegant på føttene» 

Kl. 14.15 Kaffi med noko søtt attåt og loddtrekning 

Kl. 15.00 Vel heim. 

Pris

Foredrag + lunsj kr. 550,-.

Påmelding

Me har litt tekniske problem med billettsystemet men vil legge ut lenke til påmelding så snart det er i orden igjen, og innan 30. august.

Merk at om du har allergiar ber me deg om å sende ein e-post om dette til vitengarden@jaermuseet.no seinast ei veke før arrangementet.

Butikkar:

Magiske masker, Unikt garn og Omdahl design.