I haustferien inviterer Vitengarden til ei aktivitetsrik veke der sau og ull står i sentrum. Her blir det gilde opplevingar både for små og store – og mykje å læra!
Denne veka kan du mellom anna:
- Bli med på karding og spinning av ull
- Oppdaga koss planter kan brukast til å farga garn
- Sjå gjeterhund i aksjon ute på beitet, kvardagar kl.12 (Ikkje sundag)
- Væra med på matverkstad med lammekjøtt som hovudingrediens, 50 kr
- Læra meir om ulike sauerasar
- Laga din eigen filmmusikk til ein sauefilm i LydLab
Elles på Vitengarden er det alltid mykje å finna på:
– Test siloheisen, prøv deg som veterinær, konkurrer mot roboten eller lag biogass i utstillinga «Mykje lort og mykje varme»
– Kom tett på gjess, høner, sauer, griser og kyr
– Hopp i høyet på løa eller sving deg i svinghjulet
– Utforsk dei store uteområda og utstillingane inne
I kafeen kan du kjøpa deilige jærske skjeva, suppe, lappar, kake og mykje meir.
Opningstid:
Måndag til fredag – 10:00-15:00, laurdag – STENGT, sundag – 12:00-17:00
I haustferien er det gratis inngang for alle barn!