Jæren blir til

Landskapet rundt oss er ikkje fast. Is, vatn og vind har forma Jæren gjennom tusenvis av år, og menneska fortsett å påverka det i dag òg. “Yve-sått med kampestein, trelaust og berrt”, skreiv Arne Garborg om Jæren. Slik er det ikkje i dag. I denne utstillinga inviterer me deg til å utforska dei endringane som har skjedd og teknologien me nyttar for å dyrka jorda, leva og bu her.  

Jæren var tidlegare eit landskap med mange vatn og store myrområde. Gå inn i myra i utstillinga og sjå kva som gøymer seg der. Kan du finna alt? Myra er også heimen til mange plantar og dyr, småkryp og fuglar. Bli kjend med vassedderkoppen og buttsnutefrosken og sjå det fargerike lappeteppet av torvmosar. Visste du at myra kan hjelpa oss med å handtera klimaendringane og det våte vêret? 

Kan me og alt som lever her klara dei endringane som kjem? 

Kan me kontrollera naturen? Skal me kontrollera naturen? 

Og kva blir det neste kapittelet i historia om Jæren?