Bli kjent med biene og og arbeidet til ein birøktar. Korleis ser ei bikube ut? Kva gjer arbeidarane, dronane og dronninga på ein arbeidsdag? Kl 12.45, 13.45, 14.45, 15.45 og 16.30 får du muligheit til å ta på biedrakter og besøka bikubene på Vitengarden. Meld deg på turen i resepsjonen. Her kan både store og små vera med. Er det mykje regn, utgår denne aktiviteten.
Elles på aktivitetsdagen kan du vera med å slynga honning og laga insektshotell. Fleire produsentar vil vera til stades, blandt anna Bombus AS som driver med oppdrett av humler til bruk gartneri industrien. Det vil bli sal av gode honningprodukt og birøktarar som står klar med råd og fakta om biene og honningproduksjon i Rogaland.
Dagen vert arrangert i samarbeid med Jæren birøktarlag. Vitengarden er open kl. 12 – 17, med bieaktivitetar fram til kl. 16.
Kafeen serverer heimalaga suppe med rundstykker, påsmurt, kaker, pølser og mykje anna godt!
Om du vil kjøpe billetter i forkant, kan du gjere det på denne lenka.
Velkommen til gards!