Kom og utforsk kondensatorar, motorar, solceller og generatorar. Kanskje du vel å bygga ein klatremaskin som klatrar opp ein taubane ved hjelp av solcelle, eller kanskje du vil bruke solenergien til å lage mønster?
Aktiviteten er ope tysdag, onsdag og torsdag mellom kl. 12 – 15 og gratis når ein har kjøpt inngangsbillett til Vitengarden. Vitegarden har ope kl. 10 – 16.