Utstillingsopning og krigshistorisk vandring på fyret

krigshistorisk vandring 18

Jærmuseet inviterar til den årlege krigshistoriske vandringa på Tungenes fyr søndag 7. april kl. 13.30. Turleiar Svein Magne Olsen ga ut andre band av bokserien om Randaberg under andre verdskrigen like før jul i fjor. Den nye boka gir ei nærare skildring av korleis den tyske okkupasjonen råka bygdefolket og skapte både samhald og splitting. Det lokale ordskiftet etter bokutgjevinga viser at krigen framleis vekker sterke kjensler i Randaberg.

Turen byjrar med føredrag i uthuset på fyret.

Kl. 13 same dag, før det krigshistoriske arrangementet ,opnar Annlaug Auestad ei ny kunstutstilling i kafébygget. Meir informasjon om dette finn du her: http://www.randaberg.kommune.no/no/Nyheter/Fyrfargar-i-februar/

Hjarteleg velkommen