Oskar Sørreime er mest kjend for sine poetiske skildringar av Jærlandskapet,
og han har i stor grad bidrege til den almenne kunstinteressa som finst i regionen.

Samlinga som heng på Tungenes blei gitt i gåve frå Idun og Oskar Sørreime til Randaberg kommune i 1989.

Sommaren 2012 sette kurator Karin Sunderø opp Sørreimesamlinga på nytt under tittelen «Møkkalukt og fuglelåt». Den nye utstillinga byr på Sørreime-verk som aldri har vore vist før.