Me søker eit blidt og engasjert vertskap som vil:
- Fortelja historia om fyret og det maritime
- Ta imot besøkande
- Bidra i enkel kafédrift
- Gjera lett reinhald
- Stella litt med uteområdet
Arbeidstid: Søndagar (ca. 5 timar) februar–november, med mogleg sommarjobb.
Passar for vidaregåande elevar, studentar – eller andre som likar kyst, folk og formidling.
Gutar er spesielt oppmoda til å søka. Søk gjerne snarast – me vurderer søknadar løpande.
Oppstart med opplæring i juni månad.
Du passar godt i rolla dersom du:
- Har interesse for historie og likar å formidla
- Trivst med ansvar og kan jobba sjølvstendig
- Er utadvendt, imøtekomande og glad i å møta folk
- Liker å vera vertskap og bidra i enkel kafedrift
- Ikkje har noko imot lett reinhald og enkelt stell av uteområde
- Kan setja deg inn i historia til fyret og formidla både på norsk og engelsk
- Fyller minst 16 år i løpet av 2026
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Lars H Aalgaard Kingsrød, driftskoordinator
Telefon 96 64 79 99
E-post: lhak@jaermuseet.no
Om Tungenes fyr:
Tungenes fyr er ein magisk stad der historia møter havet, og der kvart vindkast ber med seg ei forteljing. Heilt ute på tuppen av Randaberg står fyret som eit kulturfyrtårn som lyser opp både sinn og sansar.
I fyrvaktarboligen blir du teken med tilbake til 1930‑talet, medan uthuset byr på skiftande temautstillingar – og snart ei heilt ny oppleving i det gamle sjøbruksmuseet. På fyret finn du òg ein hyggeleg kafé med kaffi og noko godt attåt, perfekt for eit lite pusterom med utsikt mot havet.
Omgjevnadene er ein attraksjon i seg sjølv. Naturen er dramatisk og vakker i all slags vêr, og med skipsleia rett utanfor er det alltid noko som skjer. Mange kombinerer besøket med ein tur langs Tungevågen, ei av dei flotte kyststrekningane i området.