Kunstutstilling på Tungenes: 17 fyr i Rogaland

Denne våren stiller Eli Oftedal Sømme ut ein serie akvarellar med fyr i Rogaland som motiv. Utstillinga opna sundag 23. mars og vil stå fram til juni.

Tungenes fyr Eli Oftedal Somme

Eli Oftedal Sømme er til dagleg grafisk designar ved Figgjo AS, og har ei rekke utstillingar og publikasjonar som kunstnar og illustratør bak seg.

Elles er bileta hennar å finne i Galleri Krossen, i Langgata 8, Sandnes.

Tungenes fyr har opent kvar sundag kl 12-16, med enkel servering i kafèen.