Vinnarar av Prosjekt fantasi

Den nasjonale konkurransen Prosjekt fantasi gjekk frå juni - oktober med mykje aktivitet i heile landet. Nå er dei 20 regionale vinnarane kåra.

På Bærland skole var det stor jubel då det vart offentleggjort at eit av deira forslag gjekk vidare til den nasjonale finalen.

Konkurransen Prosjekt fantasi er eit samarbeid mellom fleire vitensentre i Noreg og Statoil gjennom programmet Morgendagens helter. På Jærmuseet sine vitensenter-lokasjonar, Vitenfabrikken og Vitengarden, har det frå juni – oktober vore hundrevis av fantasifulle barn på besøk som har tenkt, teikna, forklart og bygd modeller av det som for dei er framtidas løysingar innanfor ernæring, transport, energi eller læring. Det har òg i perioden vore mykje kreativitet i  private heimar og fritidsklubbar.

Konkurransen er delt inn i fem regionar: Nord-, Sør-, Vest-, Øst- og Midt-Norge. Jærmuseet har hatt ansvar for Region Sør (Rogaland og Agder-fylka), der det totalt kom inn 499 bidrag. 20 vinnarar frå kvar region går vidare til den nasjonale finalen. Premien til alle regionale vinnarar er ein Ipad eller eit Lego Mindstorm education sett.

Av dei 100 regionale vinnarane, skal 15 av desse i januar kårast til nasjonale vinnarar. Desse skal byggast og bli til ei utstilling som skal på turnè på fleire vitensentre i Noreg i 2016-2017.

Regionale vinnarar Region Sør:

  • Anna Olsen (13), Hjelmeland: Spray på klær.
  • Jens Helgesen (11), Randaberg. Dyretankeopptaker
  • Thelma W. Reimers (11), Vindafjord: Barneromsrydder
  • Sophie Weisshaar (15), Kristiansand: Supersyn vindusvisker
  • Tara (9), Kinsarvik: Klistre-TV
  • Noah Nylund Stubbrud (10), Lindesnes: Noah’s super-brødrister
  • Askil Birkeland (10), Sola: Flyvebil
  • Lisa Aanestad Auglend, Vilde Bakka Holte og Thea Rødberg (11), Ålgård: Mixi Pixi 3000
  • Camilla Hustad, Matilda Aanestad Frøiland, Mathias Fjelde og Kasper Kristensen (12), Sandnes: Voksemote
  • Håvard Vigre (11), Nærbø: Eksossuger
  • Martin Espe (9), Nærbø: Den robotiske lærdommen
  • Nora Bang Flateby og Ronja Kristensen Østebøvik (12), Haugesund: Italk
  • Andreas Skimmeland Kirkseth og Marius Olseth (11), Nærbø: Ladebukse
  • Caroline Gingstad og Sandra Thornes (14), Stavanger: Førstehjelpsrobot
  • Nils Tveit Gjerdåker, Andreas Røen, Fatima Akhjadova og Ina Monsen Olsson (13), Stavanger: Strøm/ladekoffert
  • Simen K. Navestad (14), Stavanger: Energilagrende sykkeldynamo
  • Reinert Solhøi (12), Søgne: Elektrisk homle
  • Jakob Solvoll (13), Stavanger: Røksugendebrannslukningsaperat
  • Brage Vik (13), Stavanger: Trappe-hjulet
  • Rebecca Andersen (17), Kristiansand: Zoombriller

Jærmuseet gratulerer og ynskjer alle vinnarane lukke til i den nasjonale finalen. Representantar frå Vitengarden og Vitenfabrikken besøkte Motland skule, Kristianlyst ungdomsskole, Smeaheia skole og Bærland skole med den gode beskjeden om at dei nå var vidare.

Morgendagens Helter

Morgendagens Helter finn du ikkje berre på fotballbanen, i skisporet eller på scenen. Dei finn du òg i klasserom over heile landet. Mange av morgendagens største heltar vil vera ingeniørane og teknologane. Mennesker som finn nye og smartare løysingar på ein av våre største utfordringar: å produsera nok energi til verda sine innbyggjarar, samstundes som at utslippa vert redusert.

Statoil støttar realfagsprosjekt for å skapa fascinasjon og interesse blant barn- og unge slik at fleire vert inspirert til ein karriere innan desse felta.

Jury

Den regionale juryen i Prosjekt fantasi var samansett av representantar frå Statoil, Vitenfabrikken, Vitengarden og TRY.

Den nasjonale juryen vil vera samansatt av Håvard Tjora, ingeniørar frå Statoil, representant frå VilVite, produsent av utstillinga (Science Projects) og representant frå TRY.

Les meir om Prosjekt Fantasi