Rekordbesøk

For første gong bikka Jærmuseet 200.000 besøkande.

Vindmaskinen i utstillinga "SNU" på Vitengarden er gild å utforska! Her frå eit barneselskap. Foto: Jærmuseet

2015 var eit godt år på mange måtar for Jærmuseet. Me kan melda om rekordbesøk med totalt 203.138 gjester, ein auke på 4% frå 2014! Det er første gong Jærmuseet har hatt over 200.000 besøkande på eitt år. Det samla besøkstalet omfattar 13 besøksanlegg i kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Klepp, Time, Hå og Gjesdal i tillegg til det omreisande vitensenteret, Science Circus. Men museet har kvart år dei siste ni åra meldt om besøksrekord og er blant dei best besøkte musea i Noreg. Jærmuseet  har dei siste åra  bygd stein på stein med nye bygg, utstillingar, aktivitetar og formidlingstilbod. Dette ser ut til å falla i smak hjå dei besøkande

Fleire nye utstillingar

Den største auka hadde Vitengarden på Nærbø med ein vekst på 11%. Her trekte den nye utstillinga, Traktorliv, mange gjester gjennom sommaren. Samstundes vert dei nye, interaktive utstillingane utandørs besøkt i allslags vêr. Satsinga på kafé med god, jærsk tradisjonskost ser òg til å ha falle i smak hjå gjestene. Skular og barnehagar er og flittige brukarar av museet. Flyhistorisk museum Sola kan visa til god vekst. Anlegget vert mykje besøkt av turistane i regionen og det har blitt arrangert fleire store, gode aktivitetsdagar. I tillegg går besøkstala til både Tungenes fyr, Garborgsenteret, Vistnestunet, Krigshistorisk Museum og Grødaland opp frå i fjor – her er det eit rikhaldig aktivitetsprogram samt nye utstillingar som fører til den gode veksten.

Større prosjekt i 2016

2016 vil for Jærmuseet verta prega av større byggeprosjekt. På Sandnes er byggesteg to godt i gangog innreiing av både verkstad, mottaksmagasin, bibliotek og nye utstillingar startar hausten 2016. Her skal det koma nytt mateamtikkloft og byhistoriske utstillingar. I 2015 fekk Jærmuseet tildelt 18,8 millionar til bygging av nytt underjordisk magasin ved Vitengarden. Planane med dette er godt igang, og bygginga vil starta i 2016. På Tungenes vert det arbeida med planane for det maritime vitensenteret, og Krighistoriske museum skal i løpet av eit par år flytta sine utstillingar til eit bygg i Sømmevågen, ved Flyhistorisk museum og planlegginga av dei nye utstillingane er i gang.

Av utstillingar i 2016 vil det blant anna etablerast eit Makersspace på Vitenfabrikken samt her skal det opnast nokre temporære utstillingar. I haust skal det på Vitengarden opnast ei utstilling om biogass og Garborgsenteret er arbeidet med ei bunadutstilling i full gang. Garborgsenteret skal òg i april lansera ei digital Garborgløype, litteraturen vert formidla digitalt gjennom film- og audiospor, i og omkring diktarheimane. Det skal òg arrangerast over 60 aktivitetsdagar i dei 7 kommunane, fleire foredrag, konsertar, ferieklubbar, formidlingsopplegg og fagdagar.

Besøksanlegg og besøkstal i 2015:

  • Vitengarden 55258 besøkande (+5551)
  • Vitenfabrikken 71937 besøkande (-3427)*
  • Tungenes fyr 18402 besøkande (+484)
  • Garborganlegga (Garborgsenteret, Knudaheio og Garborgheimen) 14412 besøkande (+460)
  • Flyhistoriske Museum Sola 13658 besøkande (+3953)
  • Grødaland/Varden redningsmuseum 3919 besøkande (+64)
  • Limagarden 2590 besøkande (-225)
  • Haugabakka 1280 besøkande (-164)
  • Vistnestunet 6596 besøkande (+919)
  • Rogaland Krigshistoriske museum 1808 besøkande (+104)
  • Science Circus 13278 besøkande (+855)

*inkludert Thranegården med 2000 gjester.

Meir informasjon?

Kontakt direktør Målfrid Snørteland, telefon 913 90 361 eller marknadssjef Elin Ravndal Bell, telefon 908 03 864.