Med i følget var både fylkesordførar Janne Johnsen, fylkesvaraordførar Terje Halleland og ordførar i Hå – Mons Skrettingland.
Underjordisk magasin- og utstillingsbygg
Jærmuseet er eit museum som har ansvar for mange store gjenstandar, både landbruksgjenstandar og andre. Desse står i dag lagra under lite tilfredsstillande forhold i ulike løer rundt på Jæren. Med midler frå Kulturdepartmentet, samt eigenkapital, vil Jærmuseet nå bygga ein underjordisk maskin- og reiskapshall der publikum vil få sjå dei store samlingane av landbruksmaskinar og reiskaper på området ved Vitengarden. Magasinet vert på rundt 2700m2 og vil få:
studiemagasin for landbruksreiskap
vanleg magasin
eit rom for mottak og registrering
Jærmuseet sit på eit skattekammer som fortel landbrukshistoria på Jæren. Av musea i Norge har Jærmuseet den største samlinga av gjenstandar som viser den mekaniserte og maskinelle utviklinga i norsk jordbruk. Museet får dagleg førespurnadar frå interesserte som har funne bilete av gjenstandane på digitaltmuseum, og som gjerne vil sjå dei “live”. Det underjordiske magasinet er tenkt at skal vera opent for publikum, som dermed vil få eit endå betre innblikk i historia enn tidlegare.
Midlar til kulturhistoriske bygg
Jærmuseet har ansvar for 59 kulturhistoriske bygningar i kommunane Hå, Time, Klepp, Gjesdal, Sola, Randaberg og Sandnes. Fleire av desse har stort behov for vedlikehald. Med midlene frå regjeringa vil dette arbeidet koma i gang snarast.
Både det underjordiske magasinet og vedlikehald vil gje store ringverkningar til lokale entreprenørar – og for dei besøkande til Jærmuseet.
For meir info, kontakt direktør Målfrid Snørteland. Telefon 913 90 361.