Podkast frå Jærmuseet: – Eg starta med den kulaste tingen

Ørjan Zazzera Johansen, formidlar ved Garborgsenteret og medlem av redaksjonen i Jærmuseet, er først ut i Jærmuseets nye podkastserie TING.

Høyr podcasten, Ting – frå Jærmuseet, nå.

Podkasten TING

I podkasten “Ting” får du historier frå Jærmuseet sine samlingar. Kvar episode tar utgangspunkt i éin konkret ting – alt frå kvardagslege reiskapar til unike gjenstandar – og lar denne tingen opna døra til større historier om livet, menneska og utviklinga på Jæren.

Logodesign av Elisabeth Tungland, samlingsforvaltar, avdeling Samling og dokumentasjon i Jærmuseet

I den aller første episoden fortel han om eit noko uvanleg tyveri: Arne Garborg sine tresko – ei hending som fekk overraskande mykje merksemd.

– Eg meiner eg starta med den kulaste tingen av dei alle, seier Johansen og siktar til Garborg sine tresko, men avslører at denne historia fekk nasjonal merksemd i si tid.

Ei nasjonal hending

Historia stammar frå 1931–32 då ein norsk-amerikanar var på ferie i Noreg, forklarer Johansen. “I praksis stal han treskoa, men det var ikkje norsk-amerikanaren heilt einig i.”

-Han ‘tok ikkje treskoa‘, meinte han, han tok dei berre med seg, flirer Johansen før han held fram:

-Dette skapte store overskrifter over heile landet og blei kalla “okkupasjonen av Arne Garborg sine tresko”. Han understreker at ordvalet ikkje er tilfeldig.

Okkupasjon av fottøy

Johansen peiker på at hendinga fell saman med Noreg sitt forsøk på å okkupera delar av Grønland i 1931 – ei tid då spørsmål om eigarskap til land, kolonialisme og imperialisme var høgaktuelle.

– Journalistane hadde humor, og opplevde i tillegg tematikken som så oppslukande at då ein norsk-amerikanar stakk av med treskoa til Garborg, kalla dei det like godt for ein “okkupasjon”, seier Johansen.

–Korleis historia endar? Det må du høyre podkasten for å få vite, blunkar Garborg-formidlaren. Han legg til at podkast er eit fantastisk verkemiddel til formidling.

Podkast som eit viktig formidlingsformat

Inger Undeheim, avdelingsdirektør ved Garborgsenteret og medlem av redaksjonsgruppa i Jærmuseet, ser på podkastserien som eit viktig steg for å formidla dei unike historiane som finst i musea.

– Jærmuseet rommar mange ulike museumsanlegg med stor tematisk breidde: Frå flyging under den kalde krigen til nedlegging av pelsdyrnæringa, litteraturhistorie på Jæren og handel i Sandnes.

– Museumsgjenstandane, eller tinga, har historier som gjer at lyttaren raskt får oppleva sterke forteljingar og ekte formidlingsglede.

Utvidar formidlinga

–Podkast er ein måte å vise fram noko av denne breidda, og fortelja historiane til dei mange tinga me har på magasin for ettertida. For eit museum er det alltid ei utfordring å avgjera kva ein skal løfta fram. Med podkast kan me supplera formidlinga.

KI har gjort munnleg formidling ekstra viktig

Undheim understrekar også kor aktuelt det munnlege formatet er i møte med dagens teknologiutvikling

– Munnleg historieforteljing er grunnleggjande for vår menneskelege utvikling. Denne formidlingsforma er framleis like aktuelt – ja, kanskje endå meir nå til dags med tanke på stor bruk av kunstig intelligens i skriftlig form.

– KI er nyttig, men er kun ein språkmodell som gjettar på samanhengar og ofte gjev generelle oppsummeringar utan nyansar og kontekst, forklarar Undheim.

– Det munnlege formatet krydrar historiene og tilfører personlege erfaringar i lag med empirisk kunnskap, og perspektiv, på ein måte som fyller inn mange av tomroma formidling med KI-tekstar ikkje kan, slår avdelingsdirektøren fast.

Eit format som styrkar samfunnsoppdraget vidare

– Gitt podkastformatet sin popularitet trur me dette prosjektet blir eit viktig bidrag til formidlinga vår. Det er berre å gle seg til kommande episodar

– Episodane vil òg ta opp dagsaktuelle tema som utvandringsjubileet, samt ei rørande historie om handel i Sandnes under den tyske okkupasjonen frå 1940 til 1945, avsluttar avdelingsdirektøren.

Podkasten blir produsert av Screen Story Stavanger. Programleiar og produsent er Christian Gilsvik.

Høyr podcasten, Ting – frå Jærmuseet, nå.