Påsken på Jærmuseet

Skal du halda deg på Jæren i påska og vil finne på noko gildt, har Jærmuseet fleire tilbod å velga mellom:

Vitenfabrikken

På Vitenfabrikken er det mange utstillingar å utforske. Her kan du blant anna konkurrere i reaksjonsveggen, køyre rullestolkappløp, lage ei kjempelang dominorekke, blir kjent med historia om Øglænd og boltre deg i mange ulike eksperiment på det magiske Abelloftet. Grunna smitteverntiltak innført frå og med 25. mars, vil det ikkje vera show og visningar i Planetariet i påska. Ope alle dagar utanom Påskeafta. Her kan du lesa om smitteverntiltaka.

Vitengarden

På Vitengarden vil utstillingane vera opne både ute og inne. Her kan du stå i orkan ute i blåsten, sjå om du kjem høgt over bakken i svinghjulet, prøva deg som dyrlege i småfeklinkikken og bli betre kjent med vår landbrukshistorie og historia om sauen og heiaføring. På garden før du møte mange ulike dyr og hoppa i høyet. Kanskje har det óg kome påskelam til gards? Opent alle dagar utanom Langfredag og Påskeafta. Her kan du lesa om smitteverntiltaka. 

Garborgsenteret

På Garborgsenteret kan du nå oppleva utstillinga «Verdas rikaste land» – ei utstilling om barn/ungdom og fattigdom. Garborgsenteret har ope fram til og med tysdag 30. mars i påska.

Tungenes fyr

Tungenes fyr har ope Palmesundag og 2. påskedag. Området rundt eignar seg godt som eit turmål, med eit besøk innom fyret og ei velfortent kake i kafèen etterpå. Grunna smittevern, vert det ingen gaida omvisingar i fyret.