Skal du halda deg på Jæren i påska, eller får besøk som du gjerne vil ta med ut på noko gildt, har Jærmuseet fleire tilbod å velga mellom:
Vitenfabrikken
På Vitenfabrikken vil det kvar dag vera ulike show, eggaktiviteter og eksperiment som gjestene kan vera med på. Lag fin påskepynt, prøv deg som Eggonaut eller dra på jakt etter påskeharen blandt stjerner og planetar. Les meir om påskeferien på Vitenfabrikken. Ope alle dager utanom Langfredag.
Vitengarden
Påsken startar tradisjonen tru med ein av Vitengarden sine mest populære aktivitetsdagar gjennom året; Eggande aktivitetsdag 2. april. Her er det mange eggande aktivitetar, i tillegg til at du kan bli med pedagogane og sjå når dei slaktar ein kylling. Elles er det sesongopning av utandørsutstillinga SNU, og det er gøymt over 50 påskeegg som du kan gå på jakt etter. Elles i påsken vil utstillingane både ute og inne vera opne, det kjem kopplam til gards og det er muleg å mala påskeegg. Ope alle dagar utanom Langfredag og Påskeafta.
Tungenes fyr
Tungenes fyr har ope Palmesundag og 2. Påskedag. Området rundt eignar seg godt som eit turmål, med eit besøk innom fyret og ei velfortent kake i kafèen etterpå.
Garborgsenteret
Garborgsenteret har ope måndag og tysdag kl. 12-15 i påskevega, samt onsdag frå kl. 10-12.