Museumslaurdag og gratis inngang

Frå 24. september til 3. oktober vert Forskingsdagene 2021 arrangert, og i samband med dette inviterer fleire av musea i Jærmuseet til museumsbesøk med gratis inngang laurdag 2. oktober.

Forskingdagene er ein årleg, nasjonal festival som vert arrangert av Norsk Forskingsråd. Kvart år er det ulikt tema for festivalen og årets tema er Fred og konflikt.

Det er ikkje nødvendig å bestilla billetter i førekant.

Kor er det ope?

Torpedoverkstedet i Sømmevågen (ved Flyhistorisk Museum Sola)

Opplev utstillinga “Fortellinger fra andre verdenskrig” gjennom åtte personhistorier med lokal forankring til regionen.

Ope kl. 12.00 – 16.00

Les meir om det du kan oppleva på Torpedoverkstedet her

Garborgsenteret

Kl. 13.00 kan du få med deg “Det store teaterslaget i Kristiania. Elles er alle utstillingane opne.

Ope kl. 10.00 – 15.00

Les meir om programmet på Garborgsenteret her.

Vitenfabrikken

Få med deg fire etasjar med ulike utstillingar, fleire visiningar i Planetariet, fysikkshow og publikumsaktivitetar.

Ope kl. 11.00 – 17.00

Les meir om programmet på Vitenfabrikken her.