På desse musea er det ledige vertestillingar:
Flyhistorisk Museum Sola

Flyhistorisk Museum Sola er eit museum som ligg i Sømmevågen, like ved Stavanger lufthavn Sola. Her er det ope frå påske til november, og arbeidet inkluderer resepsjon, butikk, kafé og vertskap i utstillingar som kombinerer fly- og krigshistorie. Søknadsfrist: 15. mars 2026
Tungenes fyr

Tungenes fyr ligg i Randaberg, heilt på nordspissen av Jæren. Her er det ope frå februar – november. Arbeidet inkluderer å fortelje historia om fyret og det maritime, ta imot besøkande, bidra i enkel kafédrift, lett reinhald og stella litt på uteområdet. Søknadsfrist: 15. mars 2026.
Vitenfabrikken

Vitenfabrikken er eit kombinert vitensenter og museum som ligg midt i Sandnes. Her er det ope heile året, og arbeidet inkluderer resepsjon, butikk, kafé, publikumsverkstad, realfagsshow, astronomivisningar i Planetariet og å vera vertskap i utstillinga. Søknadsfrist: 6. april 2026.
Limagarden

Limagarden ligg like utanfor Ålgård, i Gjesdal kommune. Limagarden er ein typisk fjellgard med fleire bygningar. Sesongen på Limagarden er frå mai til september. Arbeidet her inluderer vertskap i opningstida, på aktivitetsdagar og enkelte arrangement. Søknadsfrist: 6. april 2026.
Grødalandstunet

Grødalandstunet ligg langs Kongevegen mellom Nærbø og Varhaug i Hå kommune. Det er ein flott sjøgard med bygningar frå 17- og 1800-talet. Sesongen på Grødalandstunet er frå mai til september. Arbeidet her inkluderer vertskap, vera med på aktivitetsdagar og bidra til at garden ser ryddig og innbydande ut. Søknadsfrist: 6. april 2026.
Garborgmusea

Garborgsenteret er eit interaktivt litteraturmuseum om Hulda og Arne Garborg, og deler bygg med Time bibliotek på Bryne. Garborgsenteret har óg ansvar for dei historiske museumsanlegga Knudaheio og Garborgheimen. Garborgsenteret har ope heila året, medan dei andre har ope om sommaren. Søknadsfrist: 6. april 2026.
Vitengarden har ikkje behov for fleire vertar per dags dato.