Om stillinga:
- Stillinga er delt mellom Vitengarden på Nærbø (50 %) og andre arenaer (50 %), der Limagarden i Gjesdal, Haugabakka i Klepp og Grødaland på Nærbø er mest aktuelle.
- Pedagogen skal formidla for eit breitt spekter av besøkjande frå barnehage til studentar, i tillegg til andre gjester.
- Pedagogen skal formidla både handlingsboren og teoretisk kunnskap.
- Stillinga vil rapportera til avdelingsleiarar på to ulike avdelingar i Jærmuseet, Vitengarden og Samling & dokumentasjon.
Arbeidsoppgåver:
- Undervisa barn og unge med basis i kulturarv og læra ved å gjera
- Formidla til ulike typar publikum
- Utvikla nye undervisnings- og formidlingsopplegg
- Utvikla og gjennomføra lærarkurs
- Bidra på aktivitetsdagar
- Marknadsføra undervisningsopplegg mot skular
- Handtera bookingar
- Drift og vedlikehald av utstillingar
- Delta i utstillingsarbeid/prosjektarbeid
- Historisk dokumentasjonsarbeid kan vera aktuelt
- Bidra på andre avdelingar ved behov
Kvalifikasjonskrav og eigenskapar:
- Høgare utdanning innan historie eller kulturhistorie, helst mastergrad
- Fullført praktisk-pedagogisk utdanning
- Stor interesse for landbruk-, jordbruk- og kulturhistorie
- Interesse for immateriell kulturarv – handboren kunnskap
- Gjerne interesse for naturvitskap
- Kjennskap til dyrehald og matkultur er ein fordel
- Kjennskap til regionen er ein fordel
- Vera praktisk anlagt
- Vera sjølvgåande
- Vera skrivefør, helst både på nynorsk og bokmål
- Kunne formidla på norsk og engelsk
- Trivast med ein hektisk arbeidskvardag
- Kunne arbeida sjølvstendig og i team
- Vera serviceinnstilt og fleksibel
- Du må ha førerkort klasse B
Alle tilsette må levera godkjent politiattest ved tilsetting.
Jærmuseet tilbyr:
- Fast 100% stilling
- Variert arbeidsdag med oppgåver i eit triveleg miljø
- Allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
- Godt arbeidsmiljø
- Deltaking i faglege nettverk/konferansar
- Arbeidstid etter avtale
- God pensjonsordning
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter avtale
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Avdelingsleiar Vitengarden Helene Østby Larsen
Telefon: 45 25 48 17
E-post: hl@jaermuseet.no
Avdelingsleiar Samling & dokumentasjon Per Inge Bøe
Telefon: 90 86 52 42
E-post: pib@jaermuseet.no
Søknadsfrist
26. april 2023
Nokre glimt frå undervisning ved Vitengarden, Limagarden og Grødaland:
Om Vitengarden
Vitengarden er eit kombinert vitensenter og museum på Nærbø – midt i matfatet på Jæren. På Vitengarden kan du læra ved å gjera. Interaktive utstillingar ute og inne fortel om landbruket på Jæren, moderne matproduksjon, energi, teknologi og natur. Opplev museumsgarden med levande husdyr og eit gardsmiljø frå 1950-talet.
Gjennom året har Vitengarden fleire temadagar med mange ulike aktivitetar.
For meir info: https://www.jaermuseet.no/vitengarden/
Om Limagarden, Grødaland og Haugabakka
Limagarden er eit gardstun med bygningar frå 1800-1939. Garden ligg i eit gammalt og vakkert kulturlandskap like utanfor Ålgård, med flott utsyn over Limavatnet. Meir info
Haugabakka ligg på Klepp og består av to bygningar – eit skulehus og eit folgehus. Det gamle jærhuset vart bygd i 1852-53 som skulestove og lærarbustad, og var det første skulehuset i Klepp. Meir info.
Grødaland ligg like ved Nærbø, langs nasjonal turistveg Jæren. Det er eit av dei finaste og best bevarte gardsanlegga i Rogaland – ein typisk sjøgard med flott utsyn mot havet i vest. Meir info.