Ledig stilling: Driftskoordinator

Me søkjer etter «museumspotet» for fleire av våre museumsanlegg.

Arbeidsoppgåver:
  • Koordinera publikumsaktivitetar på anlegga Grødalandstunet, Limagarden og Haugabakka
  • Organisera aktivitetsdagar og sesongope
  • Koordinering av undervisning
  • Vertska for gruppebesøk – omvisning
  • Ansvar for å halde anlegga i presentabel stand, ute og inne
  • Oppfølging og ansvar for sommarvertar
  • Samarbeid med kommunar om aktivitetar
  • Samarbeid med frivillige, lag og organisasjonar
  • Delta i arbeid med museet si gjenstandssamling
  • Andre driftsoppgåver på andre anlegg, ved behov
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Må ha interesse for lokalhistorie
  • God lokalkunnskap er ein fordel
  • Erfaring frå lokalt organisasjonsliv er ein fordel
  • God til å organisere
  • Strukturert og nøyaktiv
  • Utadvendt
  • Vera komfortabel med bruk av digitale verktøy
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på nynorsk og bokmål
  • Førarkort klasse B
Jærmuseet tilbyr:
  • Fast 100% stilling
  • Allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
  • God pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale
  • Kontorplass på Kvia, Nærbø

Om arbeidsgjevar:

Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå og regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Museet har i dag ca 70 årsverk og driv 12 ulike besøksanlegg i sju kommunar.

Grødaland (Hå), Limagarden (Gjesdal) og Haugabakka (Klepp) har til saman rundt 7000 besøkande i løpet av eit år. Sesongen er frå mai til september, men med undervisning utover desse månadane. På Grødaland og Limagarden vert det óg arrangert populære ferieklubbar kvar sommar.

Søknadsfrist: 31.01.21

Søk på stillinga her

Har du spørsmål eller vil ha meir informasjon?

Kontakt avdelingsdirektør Hans Dybvad Olesen, tlf: 952 94 538, e-post hdo@jaermuseet.no eller prosjektsjef Per Inge Bøe, tlf.: 908 65 242, e-post pib@jaermuseet.no