Om Haugabakka

Anlegget på Haugabakka består av to bygningar: det gamle skulehuset med ei fin bygdesamling, og "Folgehuset" som m.a. vert nytta til kunstutstillingar, møte, kulturkveldar m.m.

Jærhuset
Det gamle jærhuset på Haugabakka er bygdemuseum for Klepp. Huset vart bygd i 1852 /1853 som skulestove og lærarbustad, og var det første skulehuset i Klepp.

Her finn du ei bygdesamling og rom for skiftande utstillingar. I åra 1922 – 1933 vart huset nytta av kommuneadministrasjonen. Huset vart restaurert i 1993 og ført tilbake til opphavleg utsjånad. Fargane er valde ut etter prøvar frå dei eldste malingslaga. Den eine stova, som opphavleg var lærarbustad, er innreia slik han kan ha sett ut sist på 1800-talet.

2010IngeborgSkrudland_IMG_IMG_3815.jpg

På Haugabakka kan du studera mange interessante reiskapar og andre gjenstandar brukt i det gamle bondesamfunnet for over hundre år sidan. Klepp bygdemuseum har røter tilbake til 1930-åra då Peder Heskestad og Karl Særheim begynte å samla inn eldre gjenstandsmateriale. Nokre år etter krigen vart gjenstandane samla i det gamle skulehuset på Haugabakka. Det var fyrste skulehuset i Klepp, og gjorde samstundes teneste som lærarbustad.  Klepp kommune overtok museet i 1973. I samband med «Museumsreforma» vart driftsansvaret overført til Jærmuseet frå 01.01.2006.

Kontakt Jærmuseet, tlf 47 77 60 20 for spørsmål om museet.

Folgehuset
På museumsområdet er det òg eit »folgehus», flytta frå garden austre Håland. Dette er eit såkalla «Sandneshus» bygd i 1906. Folgehuset blei flytta til Haugabakka i 1986.

Haugabakka20080617omb

Det vert nytta til utstillingar, kulturkveldar, møte m.v.  Ta kontakt med Klepp kommune, fritidsavdelinga for leige av huset. Tlf 51 42 98 00.