Lansering av kystreise.no

Kystreise.no er Jærmuseet sitt store fellesprosjekt i Grunnlovsjubileet. Kystreise.no skal formidla kysten si maritime kulturhistorie via mobiltelefon, lesebrett og PC til turistar, folk på reise, skular, museum og andre interesserte. I det regionale arbeidet med nettstaden har det blitt lagt vekt på samferdsel langs kysten av Rogaland. I tillegg til fleire små forteljingar, har det blitt laga ein 30-minuttars dokumentar som handlar om korleis sjøen har bunde Rogaland saman med Norge og Nord-Europa dei siste 200 åra.

kystreise

Lanseringa av den regionale satsinga skjer på Vitenfabrikken sundag 21. september kl. 14.00. Alle som vil, er velkomne på lanseringa. Under lanseringa vil de få høyra litt om prosjektet av prosjektleiar Eirik Gurandsrud samt tekstforfattar Egil Harald Grude. Underhaldning med Shanty-koret, og visning av hovudfilm. Det vert servering av fiskesuppe i kafeen etter lanseringa.

Lansering skjer same dag som Vitenfabrikken har eit stort arrangement for Forskningsdagene 2014 på huset. Ta gjerne med venner og familie, gratis inngang for alle.