Krigen i Ukraina: flyktningar velkomne til musea!

Krigen i Ukraina blir berre verre. Det gjer vondt for dei fleste å av oss å sjå og høyra nyheitene om lidingane til folket i Ukraina.

Musea i Rogaland gjekk saman om å gi bidrag frå billettinntektene for helga 5.-6.mars til Flyktninghjelpen. Jærmuseet valgte å ta med heile billettinntektene til Vitenfabrikken 5. mars og Vitengarden 6. mars. Pengane er nå sendt vidare.

Me ønskjer i tillegg å gje gratis inngang på alle musea våre. For å få gratis inngang, viser ein gyldig ukrainsk pass eller ID-kort i resepsjonen ved ankomst. Ordninga gjeld inntill vidare. Førebels er det Vitengarden, Vitenfabrikken, Garborgsenteret og Tungenes fyr som har ope. Frå første helga i mai vil tilbodet òg gjelda Flyhistorisk Museum, Grødaland, Limagarden, Knudaheio og Garborgheimen.

Me håper på den måten og bidra til nokre få lysglimt i ein elles vanskeleg og tøff kvardag for mange.