Humleproduksjonen i Noreg 2000 – 2020

Knut G. Austad.

Denne teksten er ei fortsetjing på artikkelen «Humleoppdrettet på Jæren«, som tar føre seg tida forut for år 2000.

Artikkelforfattar Knut G. Austad er historikar og har vore tilsett ved Jærmuseet sidan 1996. Han har sjølv drive med bier i nærmare 25 år.

Frå 1991 og fram mot slutten av 1990–talet dreiv Karl Ivar Stangeland firmaet Pollinering Service ans saman med Egil Fosse. Då dei skilde lag flytta Karl Ivar produksjonen frå Mossige til Taksdal i Time kommune og danna selskapet Pollinering AS.  Der hadde han 95 % av aksjane; systera hans, Torunn, hadde 5 %.

Blant fleire som hadde arbeid i humleproduksjonen var Ole Reinert Norland. I 1998 byrja han å arbeida i Pollinering Service ans på Mossige. Norland er fødd i 1954 og interessa for pollinerande insekt fekk han tidleg. Han var berre 14 år gamal då han starta med bier. Han hadde såleis same interessa for bier som Karl Ivar Stangeland, ein røynd birøktar. Etter to år som tilsett i Pollinering Service slutta han, og starta eigen humleproduksjon. Nokre månadar seinare overtok Mass Kåre Løyning arbeidet som Norland hadde hatt.

NorBol AS, ein ny humleprodusent i marknaden
I år 2000 starta Norland humleproduksjonen NorBol AS og blei dermed den andre norske humleprodusenten. Han hadde då to års erfaring , og fleire gartnarar hadde oppmoda han til å starta eigen produksjon slik at det blei to norske produsentar i marknaden.  Gartnarane var misnøgde med den eksisterande produksjonen fordi dei ikkje fekk nok bol til rett tid. NorBol AS var ei familieverksemd der Ole Reinert Norland arbeidde heiltid, og der ektefellen Beate hjelpte til når det var mest hektisk. I tillegg hadde dei bikubar og honningproduksjon.

Det blei ein veldig forsiktig start heime i kjellaren. Norland samla sjølv inn nokre humledronningar; pollen fekk han frå eigne bikubar. På denne tida hadde han om lag 80 bikubar, og dei beste samla inn om lag 2 kilo pollen om dagen. I starten laga han humlekassane sjølv, men etter kvart kjøpte han importerte kassar av Olav Reilstad på Finnøy, som også leverte kassar til Pollinering AS.

Fylkesmannen i Rogaland støtta også NorBol AS
Fylkesgartnar Ketil Fuglestad arbeidde hjå Fylkesmannen, og rettleia Norland om støtteordningar til etablering og marknadsføring. Norland hadde ikkje noko avtale med gartnarane om sal av bol då han starta opp. Men etter at NorBol deltok på ei gartnarmesse i Stavanger, fekk han fleire kundar. Dei fleste av desse dyrka tomatar i drivhus.

Humlebol i drivhus med jordbærplantar. Foto: Kjetil sola.

Varierande produksjon
Rundt tusenårsskiftet var humleoppdrett eit relativt nytt fagområde i Noreg og utfordringane var fleire. I tillegg til biologiske og tekniske problemstillingar var det ei utfordring å få tak i faglitteratur å støtta seg til i produksjonen. Norland prøvde difor å etablera kontakt med større utanlandske humleprodusentar for å auka kompetansen, men lukkast ikkje med det. Dei ønska ikkje å dela kunnskapen sin.

Det første produksjonsåret var vellukka. Norland fekk fram mange gode og kraftige bol; samstundes sleit Pollinering med leveringa. Året etter flytta NorBol til Høyland i Sandnes kommune – i gode produksjonslokale som tidlegare hadde vore nytta til oppdrett av struts.

Norland tykte at det var vanskeleg å planleggja produksjonen. Det kunne vera utfordringar med å få para dronningane eller at dei stagnerte og slutta å leggja egg. Dette kunne føra til at gartnarane ikkje fekk bol til rett tid og då kunne ein miste kundar.

På det meste hadde NorBol 40 – 50 kundar og ei årleg omsetting på over ein million kroner.  

I fleire år sleit NorBol med den svært smittsame tarmbakterien nosema. Denne sjukdomen førekjem også blant ville humler. Alle dei smitta bola blei destruerte, og dette førde til redusert produksjon.

NorBol AS la ned drifta i 2017
I fylgje Ole Reinert Norland var det ikkje økonomisk grunnlag for meir enn éin humleprodusent. På den andre sida burde det vera minst to for å oppnå stabil levering til gartnarane. Ting kan gå gale i produksjonen, og då er det godt å vita at gartnarane kan få norske humlebol hjå andre produsentar.

I 2014 merka Norland at han hadde utvikla allergi i arbeidet med humlene. Den var ikkje eit resultat av humlestikk, men av gassen humlene utvikla i humlebola. Han prøvde å halda produksjonen oppe, men det enda med avgrensa drift frå 2014. I 2017 blei produksjonen lagd ned.

Han tykte arbeidet med humlene var spennande. Produksjonen hadde truleg halde fram om ikkje var blitt allergisk.

Bombus Pollinering AS starta produksjon i 2003/04
I 2003 starta endå ein jærbu med humleproduksjon. Mass Kåre Løyning etablerte firmaet Bombus Pollinering AS, og då blei det tre humleprodusentar i den norske marknaden.

Løyning er fødd i 1967. Han er biolog og har hovudfag innan reproduksjonsadferd hjå insekt. Han skreiv doktorgraden sin om reproduksjonsadferd og genetikk hjå barkebilla. Det var litt tilfeldig at Løyning fekk interesse for humler. Under studiane fekk han greie på at Karl Ivar Stangeland dreiv med humleoppdrett og kontakta han. I 2003, då han var ferdig med doktorgraden, byrja Løyning å jobba hjå Pollinering Service ans på Mossige. Han flytta vidare med i produksjonen til Taksdal, der firmaet skifta namn til Pollinering AS.

Etter to år i Pollinering AS var læretida over. Då hadde han skaffa seg kunnskap om korleis humlekoloniane blei drivne fram og det daglege rutinearbeidet i produksjonsprosessen. Samstundes hadde han gjort seg eigne tankar om korleis humleoppdrett kunne drivast. Tida var inne for å starta eigen humleproduksjon. I tillegg til at Løyning er biolog og har interesse for faget, legg han heller ikkje skjul på at han hadde interesse av å skapa noko det var bruk for.

Den nystarta verksemda, Bombus Pollinering AS, fekk økonomisk hjelp av Innovasjon Noreg til å koma i gang. Bombus er latin for «humle».

Mass Kåre Løyning.

Mass Kåre Løyning blei altså den tredje som starta med humleproduksjon i Noreg. I 2003 etablerte han firmaet aitt på Bryne i Time kommune. Som dei to andre produsentane starta også han forsiktig opp i kjellaren der han budde. Utstyret fekk han laga i snikkarverkstaden på Åna fengsel. Humledronningar blei samla inn rundt om på Jæren og i Stavangerområdet, der han rekna med å finna dei første dronningane, i månadane mars og april.

Marknad for ein tredje humleprodusent
Då Løyning starta opp Bombus, sleit Kar Ivar Stangeland i Pollinering med å metta etterspurnaden etter humlebol. Sjølv om NorBol ved Ole Reinert Norland i Sandnes hadde starta eit par år tidlegare, var produksjonen likevel ikkje stor nok. Gartnarane var også veldig positive til at Løyning starta opp, så det var ikkje problem med å få kundar – verken i Rogaland eller i resten av Sør-Noreg. Norland måtte endå til seia nei til fleire første året. Han var redd for å seia ja til for mange, for så ikkje å greia å levera nok. Filosofien hans var at det var betre med nokre få nøgde kundar enn mange misnøgde.

Det var først og fremst marknaden for humleproduksjon som gjorde at Løyning starta opp. Han såg at det var fleire marknadar enn tomat i drivhus, men at den delen ikkje kunne utnyttast ennå fordi ingen hadde rette vara å tilby. Han såg føre seg pollinering av bær og frukt på friland, i drivhus og i plasttunell.

Problem for Bombus Pollinering AS
I åra 2011 og 2012 fekk verksemda problem då det blei opna for import av humlebol. Det blei vanskeleg å konkurrera, både på kvalitet og pris. Løyning konkluderte med at dersom gartnarane ville importera, så fekk dei gjera det. Resultatet blei at Bombus Pollinering AS la ned den kommersielle drifta, men heldt på ein liten sommarproduksjon til forsking.

Kvifor starta importen av humlebol i 2011?
Den problemstillinga er ikkje eintydig; fleire faktorar blei sett i spel samstundes. Resultatet blei at Noreg, i ein periode på to til tre år, godkjende ein avgrensa import av humlebol til bruk i norske drivhus.

Alt i 1991 fekk Noreg på plass ei forskrift om forbod mot innføring av dyr og smitteførande gjenstandar, ei forskrift som synte seg å vera god nok fram mot 2011. Det som skjedde i 2011, var ein revisjon av ei EU-tilpassa forskrift om innføring av dyr. I motsetning til forskrifta frå 1991, kom humlebol frå då av inn under ikkje «smitteførande gjenstandar».  Etter søknad, fekk gartnarane dispensasjon for import med atterhald om at humlene var frie for sjukdomar. Problemet er at drivhusa ikkje er tette. På den måten kunne norske humler bli påverka av importerte gen, og i tillegg var også spreiing av ulike sjukdomar ein auka risiko.

I fylgje journalist Odd Pihlstrøm i Stavanger Aftenblad, februar og mars 2013, var det svært uklart korleis Mattilsynet og Direktoratet for Naturforvalting skulle handtera søknadane dei fekk om løyve til å importera utanlandske humlebol. Mattilsynet vurderte ut ifrå lov om dyrehelse og velferd, DN ut ifrå Naturmangfaldlova. Begge lovverka synte seg å vera mangelfulle med tanke på å få stoppa importen. Mattilsynet vingla veldig, og i ein avisartikkel i Stavanger Aftenblad 21. mars 2013 skreiv Pilstrøm at Landbruks- og matdepartementet til og med overstyrde Mattilsynet i klagesak om humleimport til tomatdyrking i drivhus.

Gjennom samtalar med norske humleprodusentar og fleire av gartnarane, kjem det fram ulike synspunkt på kvifor det blei humleimport i denne perioden: «Det var nok ikkje mangel på norske humlebol som var årsaka, men det skuldast heller at det var nokre gartnarar som ville prøva utanlandske humlebol.» «I 2011 og 2012 greidde ikkje dei norske humleprodusentane å levera nok humlebol til gartnarane, fleire av dei fekk både for få bol og bol med for dårleg kvalitet. Det blei difor søkt Landbruksdepartementet om å få importert humlebol frå Belgia og Holland. Det blei gjeve eit avgrensa løyve som gjekk ut på at gartnarane kunne få lov til å importera utanlandske humlebol vinterstid, då var sjansen for spreiing i norsk natur liten. Det var ei god løysing, kvaliteten på bola var svært gode og prisen på bola var den gong svært gunstige.» «I åra 2011, 12 og 13 var det for lite bol i marknaden, og i tillegg var kvaliteten ujamn og tidvis dårleg. Generelt var der kanskje nok bol, men i jordbærsesongen blei det produsert for få, og då måtte tomatprodusentane vike, dei fekk ikkje.»

Ein sit att med eit inntrykk av at det på den tida var ujamn kvalitet på norske bol, og i periodar var det også problem med å levera bol til rett tid. Samstundes var kvaliteten på dei importerte bola god og prisen gunstigare enn på dei norske. 

I fylgje Miljødirektoratet var det først 1. januar 2016 at der kom ei forskrift om framande organismar. Før det var der ingen heimel til å fatta vedtak om innføring eller utsetting av humler. Miljødirektoratet, ved Pål Foss Digre, seniorrådgjevar, juridisk seksjon naturmangfald, utdjupar vidare: «Forskrift om framande organismar skil mellom organismar det er forbode å innføra og organismar du treng løyve for å innføra. I utgangspunktet er mørk jordhumle mellom organismane du treng løyve for å innføra. Ein treng likevel ikkje løyve for å ta inn mørk jordhumle frå «norske bestander». Humler tekne inn frå utlandet kan vera frå «norske bestander» dersom dei er avla fram frå individ tekne ut frå Noreg, eller dersom dei er henta frå ein bestand i utlandet som kan seiast å vera «same bestand» som ein som finst i Noreg. Tek ein inn mørk jordhumle frå norske bestandar i utlandet er det krav om melding etter § 8 i forskrift om framande organismar.»

Miljøsaksregisteret syner at det ikkje er gjeve løyve til import av utanlandske humler etter 16. november 2017. Då fekk LOG AS løyve til å importera 150 humlebol for vidaresal til norske tomatprodusentar. Saksutgreiinga var grundig. Det blei m.a. sett krav om å nytta norske humler dersom det var mogleg. LOG AS er totalleverandør til gartnarar, hagesenter, anleggsgartnarar og alle profesjonelle aktørar innan grønt.

Ein kan ikkje setja ut mørk jordhumle kor ein vil i landet. Humla sitt definerte område er frå Rogaland og dei kystnære områda til Svenskegrensa. Innan for dette området treng ein ikkje melda ifrå til Miljødirektoratet om bruk av humle i drivhus. Utsetjing på friland er ikkje lov utan søknad om løyve.

Vidare utgreiing om lovheimlar dokumenterer eg ikkje her. Framleis ser det ikkje ut til at det er eit endeleg forbod mot import av utanlandske humlebol, men det skal svært tungtvegande grunnar til for å få løyve så lenge norske humler er tilgjengelege. Import av mørk jordhumle er generelt ikkje tillate av omsyn til norsk naturmangfald.

Jordhumle.

Norsk Gartnarforbundet tok initiativ
I regi av Norsk gartnerforbund  blei prosjektet «Norsk kvalitetsproduksjon av humler til pollinering» starta i 2015. Alle produsentar og moglege produsentar, gartnarar og representantar frå Miljødirektoratet hadde samling hjå NIBIO, Norsk institutt for Bioøkonomi. Målsetninga var å styrke norsk humleproduksjon til pollinering. Det nye regelverket, forskrift om framande organismar med heimel i Naturmangfaldlova, blei tolka og diskutert, og det gav viktige avklaringar både for gartnarar og humleprodusentar. Konklusjonen blei at «det ikkje skal satsast på import av humler i framtida, men på norskproduserte humlebol» På det tidspunktet var det tre humleprodusentar, Pollinering AS i Time, NorBol AS i Sandnes og Bombus AS i Klepp, og alle blei med i ei oppretta ressursgruppe. I ettertid er det tydeleg at denne samlinga var positiv for alle partar. Problema blei diskuterte, nye tiltak blei lyfta fram, og det kunne synast som om alle var imot vidare import av humlebol.

Ny start i 2015
Etter at Løyning hadde vore med i ressursgruppa, og hatt samtalar med fleire av gartnarane, kom han til at han kunne starta opp att den kommersielle humleproduksjonen. Utfordringa var at han måtte fornya produksjonen. Han visste at dei importerte bola var gode og velfungerande.  

Spansk samarbeidspartnar
Han undersøkte med fleire selskap rundt om i Europa om dei kunne hjelpa til. Etter kvart fekk han respons hjå eit firma i Spania, Agrobio, som ikkje hadde kommersielle interesser i Noreg frå før. Agrobio er eit stort firma internasjonalt som har levering av humlebol til langt over halvparten av den spanske marknaden – og elles til 40 land. I tillegg produserer og leverer dei også alle slags nyttedyr som blir brukte i drivhus.

Løyning fortel at Agrobio var veldig generøse med å dela kunnskap og erfaringar, og at han langt på veg oppdaga humleproduksjonen på nytt. I 2010 blei Bombus Pollinering AS endra til Bombus AS. Agrobio har hjelpt til med å skissert dei nye produksjonslokala til Bombus AS på Særheim. Noko av den spanske produksjonsteknologien blei også overført til Jæren, men med ein del tilpassingar.

Alt utstyr blir levert frå Spania. Dei flaskeforma startkassane i plast var ei stor forbetring. Dei har passe volum og er lette å handtera og halda reine. Den store kassen er også tilpassa for å lagra på pall.

Elles i produksjonen har Bombus AS arbeidd og forska på betre «timing» i alle ledd; det vera seg å stimulera dronninga før paring og egglegging, og kor lenge dronninga skal vera på kjøla. I tillegg er gode rutinar og ein god logistikk avgjerande for å oppnå eit godt resultat.       

Ein kan ikkje overføra humleproduksjonen direkte frå Spania til Noreg då den skandinaviske mørke jordhumla, Bombus terrestris, er forskjellig frå den spanske. På kontionentet nyttar dei ein underart av den mørke jordhumla som ikkje finst i Noreg. Det blir hevda at fordi ho er meir stabil i produksjonen, pollinerer betre og et meir pollen, utviklar ho større larvar. Det var den humla som tidlegare blei importert til Noreg.

Humlebol.

Bombus AS
Etter av Bombus flytta inn i nye produksjonslokale på Særheim, auka produksjonen fram til og med 2019. Etter det har produksjonen vore stabil og lett å planleggja. I 2020 er produksjonen 5000 bol i året, men anlegget har kapasitet for 20 – 30000 bol årleg. Bombus har i fleire år vore marknadsleiande, og den største produsenten i Skandinavia.  I tillegg blei Bombus AS kåra til årets gasellebedrift  i 2020. Omsetnaden i 2015 var mellom 3 – 4 millionar, i 2019 var den auka til mellom 5 – 6 millionar kroner. Ein må ta med i reknestykket at både investeringskostnadane og driftskostnadane utgjer ein del utgifter, særleg er elektrisiteten til oppvarming, ventilasjon og fukt- og kjøleanlegg kostbar.

Bombus AS har alternative pristilbod til gartnarane. Det er skilnad på prisen mellom store og små bol, på kvaliteten og kor stort areal dei skal dekka. Bola blir også tilpassa tomat- og bærsortar. Mass Kåre fortel at frå Bombus AS starta opp att i 2016, har dei greidd å halda leveringsplikta 100 %. Gartnarane får bola på dagen.

Det er nokre gartnarar som har heilårsproduksjon av tomat, og dei treng humlebol heile året. Det medfører at Bombus AS kan ha litt drift også om vinteren. Gartneri som ikkje har kunstig lys i drivhuset, avsluttar sesongen i august – september og treng ikkje humlebol att før i februar – mars.

Firmaet har alltid ein relativt stor overproduksjon av humlebol slik at dei kan sortera ut dei beste bola og for å kunne ta inn nye kundar.

Sjukdom og avl
For å gardera seg mot smitte og sjukdom, samt ha ei rasjonell drift, er produksjonen delt inn i fasar. Skal det først skje det noko gale, er det mest truleg at det vil skje i dei eldre humlebola. Bola blir starta opp i eit rom, deretter flytta over til eit anna der dei får veksa og utvikla seg. Til sist blir dei så flytta til eit tredje rom. I tillegg er det eit rom til dei eldste bola for å driva avl.

Gjennom produksjonsfasen ser røktarane etter negative symptom i bola. Held dei ikkje ein viss standard, blir bola tekne ut og destruert. Nye dronningar blir samla inn med jamne mellomrom, og då er det alltid ein viss risiko for å få inn sjukdomar. Heile 70 – 80 % av dei innsamla dronningane har nemleg sjukdomar på seg. Det kan vera parasittar av ulikt slag, mikro  – og endoparasittar ein ikkje ser, men som ein vil sjå effekten av når humlene blir avla på. Løyning vil difor helst ikkje ha inn ville humler, men samlar inn nokre humledronningar i blant for å unngå innavl.

Då han starta opp att produksjonen i 2015, blei det samla inn 1200 – 1300 humledronningar for å ha eit rikt utval å arbeida vidare med. Etter ei nøye utreinsking sat han att med 200 – 300 dronningar som det blei avla vidare på. For kvar generasjon leitar han etter sjukdomsteikn slik at dei kan bli selekterte vekk.

Bombus AS nyttar berre norske humlegen frå Jæren og Sørvestlandet, og dei ynskjer også å nytta norsk pollen, men det er vanskeleg å få tak i nok. I dag er det lov å importera pollen, men med garanti for at pollen har blitt testa for smitte, kjemikaliar, miljøgifter og kvalitet. Det må også vera sterilt før det blir importert. Pollen er ei potensiell smittekjelde til fleire sjukdomar som kan smitta andre pollinerande insekt og også spreia plantesjukdomar.     Bilete 30

Reinhald
For å hindra bakteriar og virus er det svært viktig med reinhald. Hos Bombus blir ein tilsett blir nytta til å halda god hygiene. Det er også viktig med gode rutinar, alt må gjerast likt kvar gong og til same tid. Rutinane er lette å gjennomføra då produksjonen har god plass; berre ein liten del av kapasiteten blir nytta i høgsesongen. Overproduksjonen av humler blir destruert, kassane reingjort og nytta på nytt. Gartnarane destruerer også sine bolkassar når bola døyr ut. Bileta 22 + 25

Pollinering AS
Fram til starten på 2000–talet var Pollinering AS med Karl Ivar Stangeland som hovudaksjonær einerådande humleprodusent i Noreg. Det meste gjekk til tomatproduksjon i drivhus, og i gode år fekk gartnarane dei humlebola dei trong. Sjølv om det var to nye humleprodusentar som starta humleproduksjon i starten på 2000–talet, var det Pollinering som hadde den største produksjonen, og har vore den dominerande produsenten heilt fram til om lag 2016.

Fleire produksjonar nyttar humler til pollinering
Gradvis har fleire av jordbærprodusentane flytta bæra sine inn i plasttunnellar. Denne endra driftsforma har auka etterspurnaden etter humlebol,  og dermed også omsetnaden og forttenesta for humleprodusentane. I fylgje Stangeland treng denne pollineringa ein annan storleik på bola, om lag 80 arbeidarar . Til samanlikning treng gode bol i tomatproduksjon 150-500 arbeidarar.  Ein kan grovt rekna at ein arbeidar pollinerer om lag 10 m². Vanlege storleikar på tunnelane er eit halvt og eit heilt dekar. Bola blir ofte plassert med to mindre bol i kvar ende av tunnelen eller eitt større i midten.

Dyrking av bringebær og bjørnebær i plasttunnelar har blitt meir vanleg. Desse produksjonane nyttar også humlebol. I morelldyrking på friland blir det også meir vanleg å nytta humlebol, oftast som eit supplement til bikubane. Humlene er meir hardføre enn biene og kan såleis pollinera også om våren blir både kald og fuktig. Bol blir levert til Austlandet, Trøndelag og heilt nord til Kirkenes.

Utfordringar for Pollinering AS
Fleire faktorar påverkar om ein kan halda ein stabil og god produksjon, men gode dronningar som utviklar kraftige bol slik at dei kan bli levert til rett tid, er kanskje den største utfordringa. Dette merka Pollinering særleg i 2015, då mange av dronningane slutta å leggja egg, bola stagnerte, og kundane blei misnøgde. Gartnarane fekk ikkje nok bol til rett tid. I fylgje Stangeland var det først på ettersommaren han fann årsaka til stagneringa. Det var på den tid at Bombus starta opp på nytt og satsa stort. Firmaet overtok fleire av dei største kundane, og etablerte seg for alvor i marknaden. NorBol hadde også ein del kundar, i hovudsak på Jæren og nokre i Ryfylke.

Tapet av kundar medførte at Pollinering gjekk i underskot, og prisen på bola måtte setjast opp. Dei siste åras omsetnad har lege mellom 2,5 – 4 millionar kroner. I starten var prisen kr 1200 for eit bol til eitt dekar, men steig til kr 2200 . I 2019 / 20 var prisen på eit sterkt bol kr 3000 – 4000, avhengig av kor sterkt det var. I 2016 var det for første gong Bombus som hadde mesteparten av salet til dei store gartneria. 

Eit anna problem var at Pollinering i 2019 ikkje lenger fekk tak i dei store humlebolkassane som blei brukt, fordi dei ikkje lenger blei produsert. Alternative kassar blei prøvd ut, men dei var ikkje brukande. Utfordringa blei då korleis Pollinering kunne driva vidare. Stangeland hadde kontakt med Berge Sandanger i Vekstmiljø AS. Desse hadde samarbeid med det belgiske firmaet Biobest, eit stort firma som produserer humlebol og nyttedyr, og som leverer  til drivhus over store delar av verden. Tanken var at Pollinering kunne få kjøpt kassane til Biobest, men problemstillinga blei etter kvart om Biobest heller skulle kjøpa firmaet Pollinering AS. Karl Ivar Stangeland var trass alt inne i sitt åttiande år.

Karl Ivar Stangeland.

Pollinering AS blei selt
Karl Ivar Stangeland var i tvil kva han skulle gjera. Bombus AS og Mass Kåre Løyning var ikkje interessert i å selja kassar til Pollinering; dei var meir interesserte i å kjøpa firmaet. Stangeland rådførte seg med fleire gartnarar, som meinte at det var ein fordel at det var to produsentar i staden for ein stor. Hausten 2019 blei Pollinering AS selt til eit dotterselskap til det belgiske firmaet Biobest, og produksjonen flytta frå Taksdal i Time til Borevegen 7 i Klepp kommune.

Kvifor etablerte Biobest seg i Noreg?
Vekstmiljø AS, ved Berge Sandanger, er eit firma som gjennom mange år har samarbeidd med Biobest via firmaet Borregård i Danmark om sal av  nyttedyr til tomatgartneria i Noreg. Det er vanlegvis ei pakke med 6-8 nyttedyr som er aktuelle for tomatdyrkarane til biologisk kontroll, mellom anna snylteveps, tege, rovmidd  og kvitfly.  Biobest produserer både nyttedyr og humlebol for gartnarnæringa, og det same gjer det spanske firmaet Agrobio som samarbeider med Bombus. For Biobest og Vekstmiljø er sal av nyttedyr mykje viktigare enn salet av humler, truleg gjeld det også for Agrobio. I fylgje opplysningar er det stor konkurranse produsentane seg imellom om sal og eksport av desse nyttedyra . Grunnen til kjøpet av Pollinering var nok at Vekstmiljø såg føre seg at dei kunne koma til å missa mykje av salet av nyttedyr til Bombus. Bombus tilbyr i dag pakker med nyttedyr til dei fleste frukt- og bærkulturar i drivhus.  

Då det i  ein periode var import av utanlandske humlebol, var det Biobest som leverte  humlebol til norske gartnarar. I Noreg er det ikkje forbode å importera nyttedyr, men ein må søkja om løyve.

I fylgje Berge Sandanger i Vekstmiljø var det han som tok initiativ overfor Biobest og dreiv fram prosessen med eigarskifte. Det tok 2-3 år før overtakinga var klar. Sandanger fortel vidare at Vekstmiljø i framtida vil marknadsføra seg på å tilby gartnarane ei pakke som omfattar plantefrø, planter, nyttedyr og humlebol. Dei vil levera alt og prisa produktpakka etter kvar enkelt kunde.

Kven eig Pollinering AS?
Karl Ivar Stangeland eig framleis 14 %, i tillegg til ein rolle som konsulent. Systera, Torunn Stangeland, eig 1 % og Vekstmiljø AS eig 34 %. Dermed kan dei blokkera eit eventuelt sal dersom Biobest skulle ha planar om det. Dersom 33 % er imot sal, kan ikkje Pollinering AS seljast. For at Biobest skulle kjøpa Pollinering, ville dei ha majoriteten av aksjane slik at dei har styringsretten og bestemmer over firmaet. Det var det danske firmaet Borregaard Bioplant, eit dotterselskap av Biobest, som kjøpte Pollinering.

Ny produksjonssjef i Pollinering
Maren Homnes Oddane starta 14. januar 2020 som ny produksjonssjef i Pollinering, Oddane er fødd i 1983 og vaks opp på Hillevåg i Stavanger kommune. Ho har ein master i plantevitskap frå universitetet på Ås og har arbeidd i firmaet Norgro som rettar seg mot gartnarbransjen.

Maren hadde lite erfaring med humleproduksjon, men gjennom fleire års arbeid innan gartneri og drivhus har ho sett nytten av humler og nyttedyr. Ho er ikkje åleine i produksjonen, den erfarne medarbeidaren, Viorika Dohotar, frå produksjonen til Stangeland på Taksdal, arbeidar også hjå dei nye eigarane. Produksjonssjefen presiserer at det ikkje er noko mål for Pollinering å konkurrera på pris, dei satsar på stabil god kvalitet året rundt, dei skal kunne levera til ei kvar tid. Skal ein leva av å produsera humlebol, er det ikkje så store marginar å gå på.

Maren Homnes Oddane og Viorika Dohotar.

Produksjonen
God hygiene og full reingjering etter kvart avslutta parti er rutinearbeid. Litt av produksjonsutstyret blir grundig vaska og sterilisert før det blir brukt på nytt, elles er det nytt produksjonsutstyr for kvar gong. Ingen ting blir returnert frå kundane.

Kvar månad blir det teke testar i dronningproduksjonen for å avdekka virus, bakteriar, parasittar og andre sjukdomar før dronningane blir sett på kjøla. Det meste av analysane blir i gjort i Belgia, men noko blir også gjort på Klepp. Alt fôret blir testa og importert frå Belgia.

Humlekassane er endra; det blir ikkje nytta startkasse på same måte som før. Ein startar med noko som blir kalla for ei klokke, der det er ein botn som blir sett saman med ein topp. Under botnen er der eit beger med sukkervatn der humlene kan drikka gjennom ein veik.

Humledronning klar til å bygga nytt bol. Under bolkassen er det fest ein plastboks med sukkervatn. Humlene syg i seg vatnet gjennom ein veik, og i tillegg blir dei fôra med ein pollenliknande deig. Bolet er ferdig og klart for sal i løpet av 8-12 veker. Pollinering AS brukar berre éin kasse gjennom heile utviklingsfasen.

Kvar veke blir det sett i gang ein ny produksjon. Målet er å kunne tilby kundane god kvalitet på bola heile året, men samstundes blir det lagt ein prognose over kor mykje dei bør produsera slik at ein slepp å kasta overflødige bol. Produksjonen har kapasitet til å produsera opp mot 12000 bol, men i 2020 er behovet 4 – 5000 bol i Noreg. 

Røktarane går kvar veke igjennom bola og fjernar bol med dronar eller der dronninga har døydd. Dei bola som ikkje fell innanfor den standarden dei nyttar, blir tekne vekk og destruert – dei blir ikkje sleppte ut i det fri.

Pruksjonssjef Maren Homnes Oddane i eit av tre produksjonrom. Romet har plass til godt over 1000 bol som dagleg blir kontrollerte for symptom på uheldig åtferd. Romer nøye regulert med måleinstrument for temperatur, ventilasjon, luftfukt og karbondioksid-konsentrasjon.

Produksjonssjefen fortel også at Biobest er klar på at det skal gå ei grøn linje gjennom produksjonen. Pollinering har installert ein stor varmeoppsamlar som nyttar den brukte varmen frå produksjonsbygget på nytt til å varma opp frisk luft. Berre norske humle-gen som skal nyttast i den norske humleproduksjonen.

Gangen er utforma for ein rasjonell og effektiv produksjon. I taket heng ulike delar av klimaanlegget, og kontrollpanel for prouksjonsroma finst på veggen. Alle vindauge er dekte med raud «kontaktfilm» for å hindra at dei tilsette skal bli stukne. Humlene oppfattar raudt som mørkt og fåpr ikkje det synsspekteret dei treng for å fly. Alle rom har «panikknapp». Skjer det eit uhell slik at humlene fyk ut, trykker ein på knappen så romet blir raudt.
Teknisk rom. Dei store tankane fordeler golvvarmen. Mellom tankane heng ein fuktregulator.

Levering av bol
Pollinering AS er ei rein produksjonseining. Vekstmiljø AS, ved Berge Sandanger og Hilde Løke, har ansvaret for salet av humlebola, og det er dei som har kontakt med kundane.

Pollinering leverer bol i tre storleikar. Det minste, medium, har 60 arbeidarar pluss ein del egg, larvar og pupper. Det neste, standard, har minimum 80 arbeidarar pluss moderdronninga, egg, larvar og pupper i ulike stadium. Den tredje storleiken er primium som har 10 arbeidarar pluss moderdronninga, egg, larvar og pupper i siste stadium.       

Bolet er klart for levering og blir flytta over i ein større kasse. Under kassen er det ein full toliters plastboks med sukkervatn. Pakkeprosessen føregår i eit såkalla «red room».

Pollinering tilbyr desse ulike standarane for å dekka ulik etterspurnad frå kundane. I tillegg kan firmaet også laga bol etter ynske. Mai månad er høgsesong for levering av humlebol. I rolegare tider av året blir produksjon og utstyr gjort klart til dei travlaste periodane. Pollinering har tre fulle stillingar pluss dei som har å gjere med sal og distribusjon hjå Vekstmiljø. 

Før loket kjem på, blir et lag med feittvatn breidd over humlekolonien. Humlene fordeler og jamnar ut feittvatnet sjølve. Humlekassen er no klar for levering.

Norsk gartnarmiljø
For fleire gartnarar kom det nok litt uventa at Pollinering AS skifta eigar, men tilbakemeldinga er at dei kjenner ei sikkerheit når der er to produsentar om uhell skulle henda.

Etter samtalar med fleire gartnarar i Rogaland er inntrykket at det er ei positiv innstilling til å få to store norske humleprodusentar. Dei uttrykkjer vilje til å støtta opp om begge produsentane slik at dei kan halda produksjonen oppe og ha god kvalitet på bola: «Det å ha to produsentar er god sikkerheit for gartnarane med tanke på at humleproduksjonen kan vera utsett for sjukdom som kan føra til usikker levering av bol ut til kundane».

Kåre Wiig, dagleg leiar i Miljøgartneriet AS, uttrykkjer seg slik om den norske humleproduksjonen: «Det blei ein heilt anna kvalitet på pollineringa då humlene overtok pollineringsarbeidet tidleg på 1990 – talet. At Karl Ivar Stangeland og Egil Fosse starta norsk humleproduksjon har vore positivt for norske gartnarar, og det har blitt meir og meir vanleg å også nytta humler til pollinering av bær».

Tidlegare Fylkesgartnar i Rogaland, Ketil Fuglestad, var ein av pådrivarane  for at Noreg fekk eigen humleproduksjon. Han fylgjer framleis nøye med og seier at gartnarane er positive: «Dei gjev signal om at dei vil støtta begge produsentane med å kjøpa bol frå dei begge, og det er ei veldig god innstilling hjå tomatdyrkarane. Då blir det viktig at dei andre gartnarane som også nyttar humlebol i sine kulturar, også har den innstillinga».

Forsking og prøving
I Noreg er det ein veksande marknad for å nytta humlebol  til å pollinera frukt og bær; det gjeld både i drivhus, i tunnel og på friland. I dag kan ein rekna med at humlebol blir nytta til tomat, bringebær, bjørnebær, jordbær, morell, kirsebær og raudkløver. Biobest driv i dag med forsking på pollinering og om andre humleartar også kan nyttast til nye kulturar. Bombus AS har også over fleire år samarbeidd med norske forskingsmiljø for å prøva ut ulike humleartar på nye kulturar, mellom anna den langlunga humlesorten, åkerhumla, for pollinering av raudkløver.

Erfaringane så langt viser at den mørke jordhumla, bombus terrestris, eignar seg best for oppdrett og til å pollinera i veksthusklima. Då den er svært dominerande overfor andre humleartar og har lett for å spreia seg, bør ein vera varsam med korleis den blir nytta.

Alle foto: Ingeborg Skrudland/Jærmuseet.

Kjelder / Littereratur
Bollingmo, Tor. Norges humler med humleskolen. BRAINS Media, Trondheim 2012.
Bondevennen 09.08.2020. Kufjøs har blitt lokale for humleproduksjon.
Fuglestad, Ketil, tidlegare fylkesgartnar i Rogaland, informant 2020.
Gartneryrket nr. 11 / 2016, Norske humler til pollinering. Rød Larsen, Pernille, Norsk Gartnerforbund.
Jord og Plantekultur 2014 / Bioforsk Fokus 9 (1). Side: 251 – 262.
Jord og Plantekultur 2015 / Bioforsk Fokus 10 (1). Side: 223 – 232.>
Jord og Plantekultur 2016 / NIBIO BOK 2 (1). Side: 219 – 229.
Løyning, Mass Kåre. Bombus AS, informant 2020 / 21.
Miljødirektoratet: Digre, Per Foss, seniorrådgjevar, juridisk seksjon naturmangfald.
Miljødirektoratet, 21.04.2017, vår ref. 2017/3300. Vedtak om tillatelse til utsetting av mørk jordhumle frå norske bestander til pollineringsforsøk.
Miljødirektoratet – Miljøvedtaksregisteret.
Homnes Oddane, Maren. Pollinering AS, informant 2020 / 21.
Norland, Ole Reinert. NorBol,  informant 2020 / 21.
Norsk frukt og bær, 6 – 2020: Hatteland, B.A.(NIBIO), Løyning, M.K.(Bombus AS), Meland, M.(NLR). Pollinering med norske humler og honningbier for økt fruktsetting og avling hos søtkirsebær under tunelldekke.
Prosjektrapport 31.10.2016. Norsk kvalitetsproduksjon av humler til pollinering.                 
Rød Larsen, Pernille, Norsk Gartnerforbund.
Sola, Kjetil. Gartnar.
Stangeland, Karl Ivar. Pollinering AS, informant 2020 / 21.
Stavanger Aftenblad, 11.02. 2013. Importerte humler truer norsk natur.                       Pihlstrøm Odd, journalist.
Stavanger Aftenblad, 14.02.2013. Mattilsynet snur, avslår humleimport.                       Pihlstrøm, Odd, jorunalist
Stavanger Aftenblad, 21.03.2013. Belgiske humler får likevel suse. Pihlstrøm Odd, journalist.
Stavanger Aftenblad, E24, 28.08.2020. Belgisk milliardkonsern investerte i jærsk humlefjøs. Stensland, Kristine M., journalist.
Skrudland, Ingeborg, fotograf.
Vekstmiljø AS: Sandanger, Berge, informant 2021.
Wiig, Kåre. Miljøgartneriet, informant 2020.