Humleoppdrettet på Jæren

Det begynte i Belgia på midten av 80-tallet. Heime hos veterinær Roland De Jonghe var humlene i ferd med å ta over. Han elska humler og avla dei fram i stova, på kjøkkenet, på loftet, i garasjen og i hagen. Berre soverommet var fritt for humler, det kravde kona hans. Ein dag observerte veterinæren korleis humlene hans pollinerte tomatane i drivhuset til naboen. Han skjøna med ein gong at han hadde kome over ei gullgruve.

Jæren

Allereie i 1991 var det duka for det første humleoppdrettsfirmaet i Noreg, og det kom i Time. Museumslektor Knut G. Austad på Vitengarden har sett nærare på fenomenet pollinering av humler i drivhus. Frå slutten av 90-talet og til i dag har det vore tre humleprodusentar i Noreg, alle på Jæren.

Humleoppdrett er ei kommersiell næring som produserer humlebol for sal til ulike planteproduksjonar. Dei startar med ei befrukta humledronning, gjev henne optimale livsvilkår, og etter om lag tre månadar har ho produsert eit ferdig bol med 200-400 arbeidarar. Bola blir så selde, helst til tomatproduksjon i drivhus, og varer i knappe to månadar.

Knut G. Austad.

«Eg har fokusert på tomatdyrking i drivhus», seier Knut, «og dei faktorane som har pressa på for at Noreg starta med eigen humleproduksjon. Pollineringsprosessen har gått frå manuell pollinering til at Noreg får eigne produsentar av humlebol.»

Denne endringa har medført at tomatane er blitt ei betre salsvare.

«Tomatar har mange frøemne i seg, og for at tomatane skal svella ut og bli runde og jamne, må dei bli pollinerte jamt rundt inne i blomen. Det er det som er humla sin jobb.»

Det er ikkje tilfeldig at det er nettopp Knut som har tatt fatt i dette temaet.

«Eg er både fascinert og interessert i bier og har vore så heldig at eg i tjue år har fått drive med bier på jobb, på Vitengarden, som pedagog. Sidan Jærmuseet skal dokumentera norsk landbruk var det naturleg for meg å sjå nærare på dette.»

Erfaringa med humleoppdrett i utlandet, saman med det tunge arbeidet tomatbøndene hadde med å pollinera sjølve, gjorde at Rogaland Birøktarlag forhøyrde seg blant medlemmane sine om det var nokon som var interesserte i å prøva humleproduksjon. Karl Ivar Stangeland og Egil Fosse i Time ville gjerne starta i lag, og prosjektet fekk med dei den blandinga av teoretisk kunnskap og praktisk erfaring frå birøkt som ein kunne ønska seg. Dei var viljuge til å satsa og fekk god hjelp i starten av Noregs Birøktarlag, Fylkesmannen i Rogaland og personar tilknyta Universitetet i Oslo.  

Karl Ivar Stangeland er fødd i 1940 og utdanna ved Norges Landbrukshøgskole på Ås der han tok hovudfag i plantefysiologi. Han starta med bier på sekstitalet. Han arbeidde mellom anna som lektor ved Bryne landsgymnas, seinare Bryne vidaregåande skule, og har vore leiar i Rogaland birøktarlag og leiar i Jæren birøktarlag i mange år. Egil Fosse er fødd i 1965 og  vaks opp ved Mossige i Time kommune. Fosse kom med i prosjektet då han gjekk nybegynnarkurs i regi av Jæren birøktarlag. Han fekk også med seg foreldra sine i prosjektet, Magnhild  og Erling Fosse.

Mange grunderverksemder startar i det små, og Pollinering Servise ans starta i eit lite klimarom i kjellaren til Stangeland og ei lita brakke heime hjå familien Fosse.

For å produsera humlebol treng ein mellom anna: Oppvarma produksjonslokalar med raudt lys, kjølerom, lager, vaskerom, «kjøken» og pakkerom, ulike typar kassar, pollen og sukkervatn, for å nemna det viktigaste.

Og så humledronningar då. Dei skulle bli ei lita utfordring. På grunn av fare for sjukdommar er det ikkje berre å importera insekt over landegrensene.  

I Noreg er det registrert 35 humleartar og den mørke jordhumla er ei av desse. Den dominerer humleoppdrett både i inn– og utland fordi ho er lett å halda fanga, og når ho har lagt egg oppfører ho seg nærast som ho gjer ute i det fri. Ho er veldig til å passa på bolet som ho lagar stort og kraftig.

Firmaet fekk lov til å samla inn humler frå Botanisk hage på Tøyen i Oslo. Der samla dei første 25 humledronningane. Seinare fann dei den mørke jordhumla på Jæren òg, og betalte folk for å samla humledronningar på Jæren om våren og føresommaren.

Erling Fosse hadde starta opp Mossige sag og tok seg av å laga kassar. Han laga både dronningkassen og sjølve humlekassen. Rundt 50 kassar blei laga enkelte dagar. I dei travlaste periodane måtte han leige med seg folk for å halda unna. Då humlebola blei leverte til gartneria, hadde dei ein pappkasse utanpå. Dei blei sendte med tog, posten og med båt, fleire til Finnøy, men i Rogaland blei dei fleste leverte  eller henta. Pakking og utkøyring av bol blei utført på kveldane. Etter at  bola var ferdige i drivhusa, blei mange av dei returnerte, gjorde reine, vaska og bruka på nytt.

Livet i bolet

Når humledronninga vaknar etter vinterdvale er ho åleine og har det difor travelt. Først må ho finna ein bolplass, helst eit forlate musebol. Deretter må ho gjera det reint og tørt. Dronninga  byggjer seg først opp med å samla nektar. Ho lagar runde honningkrukker for nektar, pollen og eggkammer av voks. Når forrådet av honning og pollen er stort nok, legg ho dei første egga.

For å få dronningane til å leggja egg, er det best å para dei haust og vinter, for så å la dei vera i vinterdvale i fire månadar med ein temperatur på fire plussgradar. Bolplass, nektar og pollen har ho i kassa si, så den para humledronninga kan begynna å leggja egg etter nokre dagar. Etter kvart som arbeidarane blir klekte tek dei del i det same arbeidet som dronninga. Då sluttar ho å flyge ut, men blir ikkje ein eggleggingsmaskin på same måten som bidronninga.

Arbeidarane hjelper til med mata  larvane, og frå då av veks bolet fort. Er bolet i fin utvikling med egg og larvar, blir det vesle bolet sett over i ein stor kasse, om lag 20 gonger 20 centimeter. Det må vera minst fire arbeidarar i bolet når det blir flytta over. Her blir humlene verande i om lag ein månad før dei blir leverte ut til gartneria. Det er veldig viktig for humleprodusentane at dei har leveringsklare bol, både i storleik og i utviklingsfase, når gartnarane treng dei.

Eit bol dekker frå 1,5 til 4 dekar tomatar, alt etter tomatsort og kor mange arbeidarar det er i bolet. Grovt rekna kan ein gå ut ifrå at ein arbeidar dekker om lag 10 kvadratmeter. 

Dersom ei dronning viser svakheitsteikn kan arbeidarane ta livet av henne og overta kontrollen av bolet. Dei dominante arbeidarane stressar dei andre, slåss, drep og trugar. Før rangordninga mellom arbeidarane er avgjort, bør ein ikkje selja bolet, fordi det då arbeider dårleg.

Dronninga treng ikkje å fylgja med til drivhuset. Eit bol inneheld 200-400 dronar. Arbeidarane, som er hoer, startar å leggja egg. Desse egga er ikkje befrukta og utviklar seg til dronar, hannar. Eit bol er mest produktivt i drivhuset så lenge bolet produserer nye dronningar eller dronar.

Bolet varer i rundt to månadar i drivhuset. Nokre drivhuseigarar kjøper konsekvent eitt nytt bol i månaden fordi dei vil ha overlapping. For å dekka etterspurnaden treng dei mykje pollen til humlene, noko som blir samla frå bikubar. Slik sett er det ein stor fordel om humleprodusentane også er birøktarar.

Etter kvart utvikla Fosse allergi mot humlestikk og valde å trekka seg ut. Stangeland fekk inn nye medarbeidarar og starta eit AS, Pollinering AS, og flytta produksjonen til Taksdal.

Det er vanskeleg å finna tal for kor mykje tomatprodusentane sparer økonomisk ved å nytta humler i pollineringa.

Mange fordelar

«Men det er blitt færre yrkesskader, bøndene sparer tid og krefter, og avlingsauken er på om lag tjue prosent», seier Knut. «Den viktigaste endringa er at tomatane er blitt ei betre  salsvare. Ujamn pollinering fører til ujamne tomatar, og det er ei kjend sak at store jamne tomatar sel best.»

Han legg til at også andre plantar kan nytta humler til pollinering: «Dermed  blir det mindre bruk av kjemiske sprøyting i til dømes i frukt- og bær-produksjonen, og i tomatdyrking i drivhus er det heilt slutt på å nytta sprøytemidlar.»

I haust kunne Bondevennen melda at Pollinering AS dei siste åra har levert 2000 bol i året, og at dei har flytta dei til nye lokale i Sandnes, der dei kan produsera 12000 bol i året.

Ein omfattande artikkel av Knut G. Austad kjem i neste utgåve av Sjå Jæren.


Kjelder:

Austad, Knut G.: «Humleoppdrett i Noreg, – kvifor starta det på Jæren?» (manus)

Håland, Sjur: «Kufjøs har blitt lokale for humleproduksjon«, bondevennen.no, 9.9.2020, henta 5.1. 2021


Alle foto: Ingeborg Skrudland.